Undersøking: Fleirtalet er positive til vindkraftutbygging

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Undersøkinga er gjennomført av Ipsos for Dagbladet.

25 prosent svarer ja utan atterhald til vindkraftutbygging, medan ein like stor del er positive dersom vindmøllene eller vindturbinane ikkje er synlege frå tur- eller bustadområde.

39 prosent svarer nei uansett og 10 prosent veit ikkje.

I undersøkinga er det òg spurt om det er greitt å ta urørt natur i heimkommunen til deltakarane med same svaralternativ.

Prosentane fordeler seg omtrent på same vis på dette spørsmålet. 27 prosent svarer ja, 25 prosent svarer ja med atterhald om at dei ikkje må vere synlege og 41 prosent svarer nei. 8 prosent veit ikkje.

LES OGSÅ: Lokalt veto mot vindkraft blir tatt opp i Stortinget

Kva synest du om vindkraftutbygging?

Kva synest du om vindkraftutbygging?

Positiv. Førstemann til mølla!11
Negativ. Eg hatar vindmøller.26
Veit ikkje, eg.3
Positiv, så lenge eg ikkje kan sjå det frå huset mitt.2
Svar totalt: 42

Størst motstand i Midt-Noreg

Ei tidlegare undersøking har vist at trønderar og vestlendingar er minst positive til vindkraft.

Dei geografiske forskjellane er forholdsvis små. Motstanden er noko større i Midt-Noreg enn resten av landet. 43 prosent her svarer nei til vindkraft, medan 24 prosent svarer ja og 23 prosent ja med atterhald.

Folk i Oslo er mest positive til vindkraftutbygging. 22 prosent svarer ja, 25 prosent svarer ja med atterhald og 35 prosent svarer nei.

På Vestlandet svarer 27 prosent ja, 25 prosent ja med atterhald og 39 prosent svarer nei.

Undersøkinga vart gjennomført mellom 12.–19. juni.

LES OGSÅ: Fleire tusen tok beina fatt i DNT-marsj mot vindkraft

Søndag 12. mai deltok tusenvis på DNT-aksjonen «Støttemarsj for naturen» . Foto: DNT Telemark