Saka stod først publisert hjå Natur og Ungdom og er sett om til nynorsk av Framtida.no.
9. september er det kommune- og fylkestingsval i Noreg. Politikarane som vert valde kjem til å fatte mange vedtak som får mykje å seie for om vi klarar å ta vare på miljøet eller ikkje. Miljøproblema er spreidde over heile landet og løysingane er ofte lokale.
Har dine lokalpolitikarar planen klar?
Her er ei rekkje tiltak som kan gjennomførast i din kommune/ditt fylke, som du kan sjekke om partia som stiller til val vil gjennomføre eller ikkje.
Offentlege innkjøp
- Still krav til fossilfrie anleggsplassar
- Still krav til utsleppsfri kollektivtransport i alle nye buss- og ferjeanbod
- Still krav til fossilfri varelevering og transporttenester
- Still krav til ikkje-fossil material- og energibruk
- Minst 30 prosent miljøvekting i alle anbod (dette er vedtatt av Stortinget)
Visste du at berre 1 av 5 kommunar følgjer miljøkrav i anbod? Det syner svara frå Framtida.no si klimaundersøking. – Dette er ikkje bra nok, svara statssekretæren i Klima- og miljødepartementet.

Samferdsel
- Fleire sykkelstiar
- Innføring eller vidareføring av ordning med bysyklar
- Bilfrie gater i sentrum
- Færre parkeringsplassar i sentrum, eller parkeringsavgifter
- Fleire kollektivavgangar
- Billegare billettprisar
- Etablere ladestasjonar for elbil på for eksempel offentlege parkeringsplassar, gateparkeringar og burettslag
- Skifte ut alle kommunen sine køyretøy til elbilar eller hydrogenbilar
- Stille krav til lading på alle nybygg, arbeidsplassar og varehandlar
- Prioritere utsleppsfrie bilar og elbildeling i parkeringspolitikken
- Etablere energistasjonar med hurtiglading, hydrogen og biodrivstoff
- Gje utsleppsfrie bilar fordelar, maks halv sats på parkeringsplassar, bompengar og ferjer
- Innføre null- og lågutsleppssoner for all transport i sentrale område
- Stille krav om utsleppsfrie drosjar
- Etablere ladestrøm for skil, miljødifferensierte hamneavgifter og utsleppsfri hamnedrift
- Avgrense cruisetrafikken med eit makstal på anløp per dag
Les også om Overhalla kommune der 70 prosent av kommunale bilar er elbilar: – Oppsiktsvekkande at ikkje fleire satsar

Bygg
- Solceller på taket av kommunale bygg, smart energistyring og ladeløysingar
- Miljøvenleg oppvarming av kommunale bygg
- Nye kommunale bygg skal vere plusshus
- Fase ut fossil oppvarming i eigne bygg og fjernvarme
- Rehabilitere eksisterande bygg til plusshus
- Inngå leigekontrakter for alle kommunen sine leigeforhold med krav om energiklasse A
- Oppgradere energistandarden i eigne bygg med mål om passivhusnivå
- Droppe bustadbygging på matjord. Heller fortette langs kollektivaksar og i sentrum
Visste du at 1 av 9 kommunar har byrja med solenergi? – Krav til plusshus gjer at mange kommunar må tenkja på solenergi

Nærmiljø
- Bikubar og grøne tak på kommunale bygg
- Dyrkeprosjekt i kommunen, gjerne som ein del av arbeidstrening for ungdom som har falle utanfor skule og jobb
- Fleire mogelegheiter for kjeldesortering
- Benkar rundt grøntareal for å sikre at areala vert nytta meir
- Innovasjonsdag for skuleelevar der dei skal lære om grøn energi
- Verne lokale natur- og friluftsområde mot nedbygging
Har du fått med deg at elevane på Firda Vidaregåande Skule kan velje klima- og miljøfag? – Burde vere eit fellesfag som alle elevar fekk, på linje med norsk

Anna
- Sørge for god kjeldesortering for innbyggjarane, bedrifter og kommunen/fylkeskommunen. Mellom anna må plast materialgjenvinnast, og matavfall/avløp kan gå til biogass og biogjødsel
- Legge til rette for produksjon av biodrivstoff frå lokalt avfall
- Fleire vegetaralternativ i offentlege kantiner
Les også: Nesten ingen kommunar vil kutta i kjøttet: – Overraskande at dette ikkje søkk inn
