Dette faget skal bu elevane på hundreårets krise

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette faget har ikkje med interessene dine å gjere, eller kor vidt du likar fotball eller kjemirapportar. Dette temaet kjem du til å møte i framtida uansett kva interesser du har.

Det fortel Rakel Oikonomaki Bergset. Ho går tredje året på studiespesialiserande linje ved Firda vidaregåande skule.

Saman med Storm Gimmestad og Luna Winkelhorst er ho blant eit fåtal elevar i landet som har programfaget klima- og miljøfag i skulen. Eit fag dei meiner bør vere obligatorisk for alle.

Les også om skulestreikane for klimaet, som no spreiar seg over heile verda.

– Hundreårets krise

Det er første time måndag morgon. Elevane er i ferd med å gjere seg ferdige med ein lærebolk om politisk påverknad. Dei har alle arbeidd med kvar sin artikkel og skal forklare og reflektere kring det dei har lese: Korleis skal ein best møte klimafornektarar; korleis påverkar matvanane våre klimaet; korleis kan ein nå fram til politikarane med uroa si?

Bergset har lese om korleis ein kan bruke sosiale medium til å påverke andre, og dreg fram klassekamerat Storm Gimmestad sin Facebook-profil som døme. Han skriv av og til lange innlegg om klima, forklarer ho.

– Klima eller sjakk, poengterer han sjølv.

I pausen skildrar Gimmestad seg sjølv som den ultimate klimaaktivist, før han flirer. Så vert han alvorleg att når han skal fortelje kvifor han har valt dette programfaget:

– Eg synest det er veldig viktig med klima, og difor synest eg det var ein god mogelegheit til å verte meir oppdatert på klimaendringane. Det er jo hundreårets krise, seier han.

Rakel Oikonomaki Bergset (t.v) og Luna Winkelhorst har hatt begge klima- og miljøfaga. Storm Gimmestad har berre hatt det eine programfaget.

Les fleire saker om lokal klimarisiko og klimaløysingar her. 

Viktig fag i norsk skule

Firda vidaregåande skule er førebels den einaste skulen i Noreg som tilbyr dei to programfaga klima- og miljøfag 1 og klima- og miljøfag 2.

Dei siste tre åra har skulen fått løyve til å gjennomføre faga som eit prøveprosjekt. No til våren er fylkeskommunen ansvarlege for å evaluere forsøket, og så skal Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet ta stilling til om faga skal verte permanente. 

Rektor Hallgeir Hansen håpar svaret vil spegle kor viktige fag dette er i norsk skule:

– Vi håpar veldig sterkt på at Utdanningsdirektoratet og politikarane godtek læreplanane slik at alle vidaregåande skular i Noreg kan tilby faga. Vi vil gjerne halde fram med det sjølv!

Rektor ved Firda vidaregåande skule Hallgeir Hansen seier at endå hans generasjon er nøydde til å gjere noko med klimaendringane, så kviler det tyngste ansvaret på dagens born og unge.

For endå berekraftig utvikling no skal inn som eit tema i alle fag, så opnar eit slik programfag for ei fordjuping som Hansen meiner er heilt avgjerande.

– Eigentleg burde klima- og miljøfag vore eit fellesfag som alle elevar fekk, på lik linje som norsk og matematikk, seier rektoren.

Les også: Etterlyser klimaendringar på læreplanen: «La oss ta Greta på alvor»

Grøn skule

Dei to faga er resultatet av Grøn skule, eit samarbeidsprosjektet mellom skulen og Gloppen kommune. Det er ei mangeårig klimasatsing som vil ha grøn tenking og berekraftig utvikling inn i heile skuleløpet: frå barnehage til vidaregåande skule.

– Grunntanken er at det er dei som no er barn og unge som vil kome til å merke klimaendringane mest. Difor er det heilt avgjerande at dei er bevisste og er med på å handle i møte med desse utfordringane, seier rektor Hansen.

«Elevane vert budd på kva samfunn dei skal ta del i når dei veks opp, og kva omstillingar dei sjølve vert ein del av», står det i læreplanen som skulen har utarbeidd.

Undervisinga vert sydd saman av lærarane Hans Græsli og Martin Eikeset Koren. Faget skal gjere elevane i stand til å vurdere vitskapelege artiklar, forstå nasjonale planar og globale avtaler, nytte kunnskapen til å gjere endringar og finne løysingar.

Som eit ledd i Grøn skule inneber faget også at Firda har opplegg for yngre skuleklassar og barnehageborn. Som ein del av dette har skulen laga eit flaumbasseng. Ved hjelp av treklossar, ei sandkasse og vatn skal klima- og miljøfagelevane lære yngre skuleelevar og born om klimarisiko. Kva skjer når det vert meir ekstremnedbør?

Kor lyt du bygge hus for at elva ikkje skal ta det med seg når det vert flaum? – Vi lærer borna om arealplanlegging i framtida, seier Bergset.

Les også om korleis Sex og Politikk vil styrke seksualitetsundervisinga og gjere skulelevar #lykkeligvitende. 

Ikkje klimaproblem, men klimaløysingar

Luna Winkelhorst og Rakel Oikonomaki Bergset fortel at det dei sjølve lærte om klimaendringar på ungdomsskulen var magert: Det var eitt kort avsnitt i naturfagboka, og så over til neste kapittel. 

Men det mest frustrerande har vore at omtalane fokuserer på alt som er gale, utan å vie tid til å diskutere løysingar. Det skal klima- og miljøfag bote på:

– Faget påverkar vala våre i kvardagen ved at vi vert meir klimabevisste, seier Luna Winkelhorst.

Fleire av elevane fortel at dei allereie har endra mange av vanane sine:

– No kjøper eg berre bruktklede, handlar lokalt, og passar på at varene eg kjøper faktisk er miljøvenlege, forklarer Storm Gimmestad.

– Eg trur mange tenker: «Jaja, men eg som enkeltperson har ikkje så mykje å seie, for eg kan ikkje påverke så mykje», men saman vert enkeltpersonane ganske mange, avsluttar han.

Les også om korleis spesiallaga svampar skal gjere CO2 om til drivstoff.

Lokal klimarisiko

Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om lokal klimarisiko og løysingar på klimaproblema. Framtida.no samarbeider med lokalaviser over heile landet, Landslaget for lokalaviser, ABC Nyheter og Energi og Klima om prosjektet fram mot lokalvalet i september. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord. Tips oss gjerne på tips @ framtida.no!