Politikk og samfunn

Sjølvsagt støtter LO arbeidarane sin kamp

Mattias Eikeland frå AUF synest ikkje det er merkeleg at LO støttar partia på venstresida økonomisk.

Mattias Eikeland (18)
Organisatorisk nestleiar, Bergen AUF og Internasjonalt ansvarleg, AUF i Vestland
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Dette er eit svar til meiningsinnlegget «Kvifor skal du betale for Arbeidarpartiet sin valkamp, når du stemmer noko heilt anna?» av Freddy Af Geijerstam og Asle Eric Stromberg i Vestland Unge Høgre.

Unge Høgre, de har heilt rett i at det å vere fagorganisert er ein grunnstein i det norske arbeidslivet. Fordi det gir tryggleik, vern og styrke i forhandlingar.
Men når vi har ei høgreside som stadig vil senke fagforeiningsfrådraget og diskuterer om ein skal kutte i retten til lønt sjukdom, ja då kan det ikkje vere særleg overraskande at dei som er for høgare fagforeiningsfrådrag og lønte sjukdom, tydeleg hevar stemma for venstresida.

Slik Alexander Pápas frå SV skriv: «LO er ikke, og har aldri vært, nøytral.» For akkurat slik høgresida kjempar for meir mellombelse stillingar og ein mindre stat, kjempar LO for rettferda til arbeidarane, i alt frå velferd og internasjonal solidaritet, til lønningar og lønnsoppgjer.

Arbeidarrettar handlar ikkje berre om kor mykje lønn ein får. LOs første kampsak var ikkje kor mykje arbeidarane fekk betalt, det var eit krav om arbeidstid og åtte timars arbeidsdag. LO er dei som har stått tydelegast for rettane til arbeidarane heilt sidan danninga deira i 1899. Og historia bak den tette tilknytinga til Arbeidarpartiet er at LO, arbeidarane sin organisasjon, har vore gneisten i partiet til arbeidarane, altså Arbeidarpartiet. Det er ikkje rart LO og AP støttar kvarandre – vi kjempar same sak.

Om du er medlem i ei fagforeining betyr ikkje det at du treng å støtte eller stemme Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti eller Raudt. Om du er medlem i ei fagforeining støttar du arbeidarkampen og arbeidaranes interesser. Denne er det LOs eigne medlemmer som stemmer fram.

LO er ein demokratisk organisasjon. Det blir halde avstemmingar for kva parti dei ønskjer å støtte – eller om dei ønskjer å støtte noko parti i det heile. LO-kongressen 2025 vedtok klar økonomisk støtte til venstresida, ikkje berre til AP, SV og SP som før, men også meir til venstre, ved å inkludere Raudt i denne støtta.

Så, Unge Høgre, de kan gjerne vere i mot LOs val og retning, men LO-demokratiet valde å støtte ei samla venstreside, for å styrkje rettane til arbeidarane. For som nyvalde LO-leiar Kine Asper Vistnes seier så klart og tydeleg: «Trøbbelet ligg alltid til høgre. Alle dei raudgrøne partia må stå samla. Det er mykje meir som sameiner oss, enn som skil oss.»

Og kven veit, kanskje neste LO-kongress støttar kampen til høgresida for arbeidarane?