Utdanning

«Mastersjuka» er eit misforstått omgrep

Å søkje master- eller vidareutdanning er ikkje eit teikn på sjukdom, men på ambisjon, dedikasjon og eit ønske om å bidra innan sitt fagfelt, skriv bioingeniørstudent Nawisa Falahzadeh

Nawisa Falahzadeh (20)
Bioingeniørstudent og kommunestyrerepresentant for Raudt Hamar
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dagens samfunn møter vi ofte unge menneske som blir kalla «mastersjuke» når dei uttrykkjer si interesse for vidare studium. Denne nedsetjande nemninga reflekterer ei manglande forståing av kva det eigentleg handlar om – ekte interesse og engasjement for faget. Å søkje master- eller vidareutdanning er ikkje eit teikn på sjukdom, men på ambisjon, dedikasjon og eit ønske om å bidra innan sitt fagfelt.

Vi treng både menneske med og utan vidareutdanning og mastergrader, då alle spelar ei viktig rolle i arbeidslivet. Tenk på ein bioingeniør som fullfører ei mastergrad; vedkommande kan bli ein forskar som bidreg til utviklinga av nye medisinar mot alvorlege sjukdommar som Alzheimer eller kreft. Dei kan også undervise framtidige bioingeniørar, noko som gir ei uvurderleg vidareføring av kunnskap og erfaring.

Som bioingeniørstudent veit eg kor viktig det er å få undervisning av nokon som sjølv har ein bakgrunn i faget, og eg vil mykje heller lære av ein bioingeniør enn av nokon frå ei heilt anna yrkesgruppe.

Omgrepet «mastersjuka» er eit feilgrep fordi det antydar at det å ønskje seg vidareutdanning på eit høgare nivå er noko unormalt eller overdrive.

Dette kunne ikkje vore lengre frå sanninga. Å søkje ei mastergrad eller vidareutdanning er ein naturleg og positiv del av ein karriereveg, spesielt i ei verd der kunnskap og spesialisering blir stadig viktigare.

Vidareutdanning gir ikkje berre ei djupare forståing av eit fagområde, men også høvet til å bidra med nye innsikter og løysingar på komplekse problem. I staden for å sjå på det som ein «sjukdom», bør folk sjå det som eit viktig steg som kan bidra til forbetring av laboratoriemedisin og samfunnet.

Vi unge studentar som ønskjer å ta ei mastergrad, treng støtte og anerkjenning for ambisjonane våre.

Dette er ikkje berre viktig for vår eiga utvikling, men også for fagfeltet laboratoriemedisin og framtida i samfunnet. Når eg som bioingeniørstudent ser nokon med fagbakgrunnen min oppnå suksess i ulike felt, kjenner eg ei enorm stoltheit. Det viser at yrkesgruppa vår kan gjere ein forskjell, ikkje berre i laboratoria, men også i den vidare utviklinga av medisin og teknologi.

Det er på tide å endre synet på master- og vidareutdanning. I staden for å bruke nedsetjande termar som «mastersjuka», bør vi studentar få anerkjenning og støtte. Ambisjonane våre er ikkje berre verdifulle, dei er nødvendige for framtidssamfunnet.

Ved å oppmuntre til vidareutdanning, bidreg dei til ei betre og meir kunnskapsrik framtid, der fleire kan ta del i å løyse utfordringane i samfunnet og fremje innovasjon.