Solberg gir Høgre-kommunar marsjordre: Krev planar for nullutslepp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med bompengestriden endeleg parkert, gir Solberg gass før dei to siste vekene av valkampen med ei samla liste på åtte valløfte. Blant desse er eit krav om klimaplanar i alle kommunar der Høgre har styringa.

– Kommunane bør ha ein ambisjon om lavutslepp og nullutslepp i framtida. Mange har ikkje ein slik plan, seier statsministeren til NTB.

Les også: Ei stor klimaundersøking gjennomført av Framtida.no viser at det er store forskjellar kva tid kommunane trur dei vil bli lågutsleppskommunar.

Klimanøytrale bygg

Ifølgje Enova er om lag 20 prosent av klimautsleppa knytt til kommunal verksemd. Klimaplanane bør innehalde konkrete mål, prioriterte tiltak og tidsrammer for kutting av utslepp. Solberg trekker fram kommunale innkjøp, transport og bygg som aktuelle område.

– Eg meiner at det offentlege må bygge nullutsleppsbygningar framover. Vi har jo eigentleg vedtatt at det i framtida skal vere klimanøytrale bygg, og eg meiner vi kan bygge plusshus i mykje større grad.

Samtidig erkjenner ho at det vil vere ein del næringsverksemd i ein kommune som kommunen ikkje rår over. Ho vil heller ikkje setje nokon tidsfrist for når kommunane skal vere klimanøytrale.

Har du fått med deg desse? Éin av ni kommunar har byrja med solenergi – ventar dramatisk solvekst og berre 1 av 5 kommunar følgjer miljøkrav i anbod.

Hindre skulefråfall

Det valløftet statsministeren sjølv legg mest vekt på, er likevel løfta om å bremse fråfall i vidaregåande skule.

– Den absolutt største, langsiktige utfordringa vår i Noreg er å sørgje for at folk kan finne seg ein plass i arbeidsmarknaden i framtida. Å investere i menneske er heilt avgjerande i spørsmål om forskjell, om mindre utgifter på Nav-budsjetta og alle dei tinga som gjer at vi som einskildmenneske opplever at vi meistrar liva våre. Det er den viktigaste saka, slår Solberg fast.

I byrjinga av august presenterte Høgre femti steg for å auke gjennomføringa. Ambisjonen til partiet er at 5.000 fleire elevar skal fullføre vidaregåande kvart år innan 2025, og at ni av ti skal fullføre i 2030. I dag gjennomfører drygt sju av ti vidaregåande skule innan fem år.

Les også om masterstudentane som har fått millionstøtte til å utvikla ein mobilapp som skal motivera elevar og studentar til å møta på skulen.

– Kommunar må seie ja

Valløftelista består elles av kjend Høgre-politikk som valfridom når det gjeld barnehage, skule og omsorg og lågare eigedomsskatt, og dessutan eit løfte om å sikre tryggleik og trivsel for eldre gjennom å innføre tryggleiksstandard for alle sjukeheimar.

– Det er dessverre ikkje tilfelle alle stader i dag, seier Solberg.

I tillegg inneheld lista eit punkt om at kommunane må bli flinkare til å seie «ja».

– Ganske mange som skal bygge ut, eller som skal skape næringsverksemd, opplever at dei møter kommunar som eigentleg leitar etter grunnar til å seie nei, i staden for å leite etter grunnar til å seie ja. Derfor har vi sagt at vi skal ha ein «ja»-haldning. Viss det er lov, må vi strekke oss langt, seier Solberg, som meiner kommunal sommel kan bli dyrt i lengda.

Ho viser mellom anna til at bustader kan bli dyrare som følgje av dette.

– Det er mange stader der ein endar opp med å stoppe gode prosjekt, og der det tar for lang tid.

Les også: Erna Solberg vil ikkje erklære klimakrise

– Det er ei klimakrise, så me treng ikkje å erklære klimakrise, sa Solberg til elevane som streika frå skulen 24. mai. Arkivfoto: Andrea Nøttveit.

Avsporing

Statsministeren må samtidig medgi at striden om bompengane har ført henne på defensiven i valkampen – der Høgre har falle kraftig på målingane i byar som Oslo, Bergen og Stavanger samanlikna med valet i 2015.

– Vi innrømmer vel alle at den siste veka vart ei lita avsporing. Men vi må løyse dei problema som kjem, seier ho.

No skal ho brette opp kjoleermane og hente ned dei veljarane som sit på gjerdet.

– Mange bestemmer seg på slutten. For Høgre dreier det seg no om å mobilisere og få veljarane våre til å gå og stemme, seier Solberg.

Les også korleis dei unge politikarane vil bidra til at Noreg når klimamålsetjingane. 

Frå venstre: Egil Natvik Vestrheim frå Lærdal Arbeidarparti (foto: Julie Offerdal), Ole August Iversen frå SV Aukra (foto: Jo Straube), Sigrid Aanestad Moltumyr frå MDG Fjaler (foto: privat).