Mobilapp skal motivera elevar til å vera på skulen
Hana Colakovic og Michelle Sæther har sjølv opplevd mangel på motivasjon. Masterstudentane har fått millionstøtte til å utvikla ein mobilapp som skal motivera elevar og studentar til å møta på skulen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me blei utruleg glade og stolte! seier Hana Colakovic, dagleg leiar (CEO) i AltReal til Framtida.no.
Studentselskapet AltReal har fått éin million kroner i støtte frå Forskingsrådet, noko som vil gjera det mogleg å realisera mobilappen Spot.
Spot er ein app som skal motivera til å møta opp på «rett stad til rett tid» for å generera poeng. Desse kan seinare vekslast inn mot gratis eller billegare mat i skulekantina, kinobillettar eller tilbod i butikkar og kafear.
Til hausten skal elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule få testa appen.
Les også: 22.000 elevar var borte i minst éin månad av skuleåret i fjor
Har opplevd mangel på motivasjon
Dei fire studentane bak appen ønskjer å tilby dagens ungdom noko dei sjølv hadde behov for då dei gjekk på skulen.
– Motivasjonen bak Spot er at alle av teammedlemane sjølv har opplevd mangel på motivasjon gjennom skulegangen, forklarar Michelle Sæther.
I Spot vil skulane bli viste som «spots». Appen er gratis og skal gi poeng når eleven er på skulen i skuletida.
– Poenga elevane samlar inn på skulen skal kunne konverterast til verkeleg verdi, og det blir dermed inngått kundeforhold med bedrifter me ser på som relevante for å betra skulekvardagen til elevar. Dette kan til dømes gjelda bokhandlarar, restaurantar, klesbutikkar, sportsbutikkar og aktivitetssenter som kinoar, der elevane kan veksla poeng mot reelle goder, fortel Hana Colakovic.
Les også: Fråværet går ned, men risikoen for å falle frå har auka på VGS
Får poeng for å ikkje bruka mobilen i skuletida
Poenginnsamlinga skal ikkje krevja aktiv bruk av mobiltelefonen, og elevane vil vera oppfordra til å ikkje bruka mobilen i skuletida. Elevane skal i staden få poeng for å ikkje bruka telefonen i skuletida.
Poenginnsamlinga vil skje ved at Spot-serveren registrerer at eleven er på koordinatane til skulen, og eleven vil generera poeng så lenge mobilen er registrert der innan eit gitt tidsrom.
– I framtida har me òg eit mål om å utvikla spel som vil vera underhaldningsverdien for elevane, seier Hana Colakovic.
Les også: Motivasjon fell i løpet av ungdomsskulen
Ser større marknad
Studentane ser òg for seg at Spots kan bli brukt til marknadsføring for bedrifter. Dei vil kunne bruka oppsamla poeng til å løysa ut goder hos kundane sine.
– Det kan mellom anna vera eit verkemiddel mot trusselen frå netthandelen som fleire bedrifter opplever, seier Hana Colakovic.
No held dei på å utvikla ein betaversjon av Spot, og har som mål om å ha ein MVP (minimal viable product) klar i starten av august 2019.
Les også: Veksling mellom skule og praksis gir høgare motivasjon
Skriv på masteroppgåve ved sida av utvikling
Etter omfattande søknadsskrivingsprosess har studentane tileigna seg mykje nyttig kunnskap og erfaringar som dei vil ta med seg vidare. Tidlegare har dei òg fått 100.000 i støtte frå Innovasjon Norge, og dessutan vunne fleire prisar for ideen sin.
Dagleg leiar Hana Colakovic og teknisk sjef (CTO) Michelle Sæther har med seg utviklarane Eivind Lervik og Pål Vårdal Gjerde i AltReal AS.
Denne våren fullfører Colakovic mastergraden sin i innovasjon og leiing, medan Sæter tek master i entreprenørskap.
Dei rosar Høgskulen på Vestlandet for å ha lagt til rette for å skriva masteroppgåva si delvis om Spot.
– Me forskar på korleis gamification og ulike spelelement kan påverka motivasjonen elevar har til oppmøte på skulen, forklarar Colakovic.
LES OGSÅ: Fleire unge gründerar tenker grønt: – Vi visste tidleg at vi ville gjere noko som var miljøorientert