Visste du at Amazonas eigentleg ikkje kan brenne?

Mia Frogner/Green Bonanza
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget vart først publisert på Facebook og er omsett til nynorsk med løyve frå forfattaren.

Visste du at Amazonas eigentleg ikkje kan brenne? Regnskogen har sitt eige forsvarsverk mot brann, nemleg høg fukt og sitt eige økosystem som produserer regn. Den bidreg til å bremse klimaendringane. Den er heim for tre millionar plante- og dyreartar – og ein million menneske.

Og no brenn Amazonas på 17.dagen. Sao Paulo, 2700 km unna, er mørklagt av røyken frå brannen. Og ingen har snakka om det før i går.

Brann sett frå Sao Paulo, Brasil. Foto: Francis Wiermann/Flickr.com

– Vi prioriterer feil

Grunnen til at Amazonas brenn no, er fordi regnskogen vert kutta. Og grunnen til at regnskogen vert kutta, er fordi det vert laga plass til dyrka mark. Og grunnen til at det vert laga plass til dyrka makt, er for å produsere soya til dyrefôr, som mellom anna vert eksportert til Noreg. For å produsera meir kjøt. Ser du kor eg vil hen?

Amazonas brenn for at vi skal få dekka våre absurd enorme kjøtbehov.

Vi prioriterer kjøt å ete, over luft å puste i.

Vi prioriterer kjøt å ete over umistelege regnskogareal som aldri kan gjenskapast.

Vi prioriterer feil.

President skuldar på frivillige

Brasil har ein ny president, Jair Bolsonaro, som oppmodar bønder til å hogge og brenne regnskog for å auke produksjonen. Han har gitt sparken til sjefen for forskingsinstituttet som føl med på regnskogen via satelitt. Han skuldar på NGO-ar (frivillige organisasjonar, ren.anm). Andre forskarar seier øydelegginga av regnskogen har skote fart etter at han vart vald.
– I used to be called Captain Chainsaw. Now I am Nero, setting the Amazon aflame, sa han til Reuters.

Brasil ynskjer ikkje lenger å bremse avskoginga av Amazonas. Verdas største og viktigaste grøne lunge.

Og store donorland, som Noreg og Tyskland, held igjen bistand til regnskogen fordi Brasil har lagt ned (!) Amazonaskomiteen som sørga (med hell dei siste åra) for å bremse avskoginga. Brasil ynskjer ikkje lenger å bremse avskoginga av Amazonas. Verdas største og viktigaste grøne lunge.

Fordi jorda kan brukast til kjøtproduksjon.

Del dette. Snakk om dette. Ikkje et mat som er produsert på regnskogøya.

Det inkluderer norsk kjøt.

Til deg som lurer på soya brukt i soyamelk og tofu: Minimalt av soya i menneskemat er produsert på regnskogsoya. Det er primært bærekraftig soya fra USA og Europa som brukes til menneskemat.

#savetheamazon

Har du noko på hjarta? Skriv inn til: tips @ framtida.no!

LES OGSÅ: Amazonas står i full fyr

Oppdatering: I ein tidlegare versjon av teksten stod det at Amazonas står for 20 prosent av oksygenproduksjonen i verda. Det stemmer ikkje, ifølgje Faktisk.no.