Avskoginga av regnskogen i Brasil aukar
Frå august 2018 til april i år har avskoginga av regnskogen i Amazonas auka med 20 prosent, ifølgje ein miljøvernorganisasjon.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Miljøvernorganisasjonen Imazon følgjer situasjonen i regnskogen i Amazonas tett og seier måndag at satellittbilde viser at over 2.100 kvadratkilometer med skog har vorte borte i regionen frå august i fjor til april i år.
Det er ifølgje organisasjonen ein auke på 20 prosent frå 1.800 kvadratkilometer skog som vart borte i same nimånadersperiode året før.
Ukontrollert avskoging
Ifølgje analysar skjer mykje av avskoginga ukontrollert, og noko av det har vorte hogge i beskytta område og område der urbefolkninga lever.
I 2017 fortalde seniorforskar og forfattar Why forests? Why now?, Frances Seymour, kvifor ho meiner regnskogane ikkje har fått merksemda den fortjener frå klimaforskarar og forskarar innan samfunnsutvikling og global helse.
– Vi klarar ikkje å redusere klimautsleppa utan skogen, understreka Seymour til Framtida.no.
Les også ekspertintervjuet: Klima og artsmangfald heng saman
Mange er uroa for kva Brasil sin nye president Jair Bolsonaro vil ha å seie for regnskogen. Les meir om høgrebølgja i Latin-Amerika her:

Jair Bolsonaro tok til som president i Brasil første januar 2019. Antonio Cruz/Agência Brasil [CC BY 3.0 br], via Wikimedia Commons