mm

– Å ta vare på verdas tropiske skogar er heilt naudsynt om me skal nå togradersmålet, sa statsminister Erna Solberg etter at ho tysdag leia eit internasjonalt FN-møte om tropiske skogar i New York, saman med Indonesias president Susilo Bambang Yudhoyono. 

LES OGSÅ: Unge er klima-optimistar

Skogfokus
150 representantar frå statar, private selskap, organisasjonar og urfolk skreiv under på erklæringa der dei forpliktar seg til å stanse all avskoging innan 2030, heiter det på regjeringa sine nettsider.

Avtalen er eit svar på ei oppmoding frå FNs generalsekretær Ban Ki-moon om eit nytt initiativ som kunne lanserast under toppmøtet. Han utfordra privat- og  offentleg sektor og sivilt samfunn til å inngå konkrete forpliktingar og handla for å avgrensa klimaendringane.

Skog er eitt av åtte hovudsatsingsområder på klimatoppmøtet.

I New York-erklæringa om skog forpliktar partane seg til å bidra til å halvere avskoginga av tropisk naturskog innan 2020 og stansa ho innan 2030. Ifølgje erklæringa vil tiltaka kunne bidra til å spare atmosfæren for mellom 4,5 og 8,8 milliardar tonn CO2 årleg innan 2030.

Berre i 2012 var USA sine utslepp på 5,2 milliarder tonn og Kina sine på 9,86. Utsleppa frå verdas samla transportsektor utgjer om lag éin milliard tonn CO2-årleg.

Ifølgje FN sin klimarapport er verda på full fart på ei temperaturauke på over to grader. Målet er å stanse denne temperaturauken med klimatiltak.

LES OGSÅ: Norske utslepp aukar: – Ikkje nok pengar til klima

– Står respekt av
Fredag arrangerte klima- og miljøminister Tine Sundtoft, næringsminister Monica Mæland, fiskeriminister Elisabeth Aspaker og landbruksminister Sylvi Listhaug, eit møte om erklæringa med fleire store norske selskap.

Orkla, BAMA, ICA-Norge, COOP-Norge, Norgesgruppen, Reitangruppen, Felleskjøpet Agri, Choice-hotella, Cermaq og Biomar er mellom dei norske selskapa som forpliktar seg til å gjere kva dei kan for å redde regnskogen.

Solberg vonar at enno fleire norske selskap vil slutte seg til erklæringa.

– Fleire norske selskap seier no dei vil bidra til å redde regnskog. Difor lover dei no å ikkje nytte palmeolje eller palmeolje som ikkje er produsert berekraftig. Det er forpliktingar det står respekt av. Målet må vere at palmeolje, soya, kjøtt, papir og andre produkt vert produsert utan å øydeleggje tropiske skogar, sa statsminister Erna Solberg.

LES OGSÅ: Vil slå dei raudgrøne på klima

Forlenga norsk satsing
At skog vert erstatta av palmeoljeplantasjar er ein av hovudårsakene til verdas avskoging. Papirproduksjon, soyaproduksjon og beitemark er andre ting som utfordrar tropiske skogar.

Mellom dei internasjonale selskapa som har skrive under på erklæringa finn ein Unilever, Nestlé, Mondeléz og Cargill.

Blant deltakarane på møtet var òg direktørar for nokre av verdas største innkjøps- og palmeoljeselskap.

– Både produsentar, innkjøparar og investorar har eit ansvar. Eg håpar norske selskap i alle relevante sektorar vil slutte seg til New York-erklæringa og ta aktivt del i dette arbeidet. Noreg vil gjere sin del og har forlenga regnskogsatsinga fram til 2020, seier Solberg.

Noreg har til no bidrege med 11,5 milliardar kroner til program for å bevara tropisk skog.

New York-erklæringa vil vere open for tilslutning frå statar, selskap og organisasjonar fram til klimatoppmøtet i Paris i desember 2015. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

ANNONSE