Raskare avskoging av Amazonas under Bolsonaro

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så langt i år har 3700 kvadratkilometer regnskog forsvunne frå Amazonas, melder New Scientist.

Sidan Jair Bolsonaro tok over presidentembetet i Brasil 1. januar i år har skogområde på storleik med Hardangervidda vore brent og hogd ned, skriv Forskning.no.

Frå august 2018 til april i år har avskoginga av regnskogen i Amazonas auka med 20 prosent, ifølgje miljøvernorganisasjon Imazon.

Bolsonaro: – Løgn

I løpet av dei 22 første dagane i juli forsvann 1260 kvadratkilometer med skog, noko som er dobbelt så mykje som heile juli månad i fjor.

Tala er henta frå den brasilianske romfartsorganisasjonen INPE, som brukar satelittar for å overvåke skogsområda. INPE nyter stor respekt i forskarkretsar, der somme kallar registreringa deira for «gullstandarden», ifølgje New Scientist.

Den brasilianske presidenten hevda førre veke at tala frå INPE lyg og kritiserer utanlandsk presse for å ha eit forvridd bilete av han og kva han freistar å gjere med landet.

– Amazonas tilhøyrer Brasil. Europeiske land kan passe sine eigne saker, fordi dei har allereie øydelagt sitt eige miljø, sa Bolsonaro til The Guardian fredag.

Internasjonal regnskogkritikk

Avskoging av Amazonas har vore eit aukande problem sidan 1970-talet. Mesteparten av avskoginga skuldast kvegdrift.

Ifølgje Reuters uttala Bolsonaro torsdag førre veke at regnskogen skal utnyttast på ein fornuftig måte, samstundes som han kritiserte den førre regjeringa si oppretting av nye urfolksreservat.

For å få slutt på avskoginga har brasilianske myndigheiter innført strengare reglar og større bøter for ulovleg avskoging. Bolsonaro har fått kritikk både nasjonalt og internasjonalt for å svekka dette lovverket.

Etter at Bolsonaro tok over har det vore gitt færre bøter og utført 70 prosent færre inspeksjonar enn på same tid i fjor.

Den nye regjeringa varsla tidlegare i sommar at det kan hende dei vil leggje ned Amazonasfondet, der Noreg er ein av dei største bidragsytarane.

Mange er uroa for kva Brasil sin nye president Jair Bolsonaro vil ha å seie for regnskogen. Les meir om høgrebølgja i Latin-Amerika her: 

Jair Bolsonaro tok til som president i Brasil første januar 2019. Antonio Cruz/Agência Brasil [CC BY 3.0 br], via Wikimedia Commons