– Vi klarar ikkje å redusere klimautsleppa utan regnskogen

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 05.06.2017 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regnskogen kan redde klimet

– Jo meir du lærer om skogen, jo meir kompleks vert den, seier Frances Seymour, seniorforskar ved Center for Global Development i Washington DC.

Seymour er i Oslo for å lansere boka Why forests? Why now?, skrive saman med Jonah Busch. Seymour er lidenskapleg oppteken av regnskogar, og møter Framtida.no til ein prat i forkant av foredrag og paneldebatt.

Held klimaet i sjakk
– Skogen er ein viktig del av livsgrunnlag, kultur og samfunn for mange menneske. Trea gir også usynlege bidrag gjennom til dømes pollinering og vern mot store nedbørsmengder, seier forskaren.

Regnskogen held også klimaendringane i sjakk. Seymour meiner at regnskogane likevel ikkje har fått merksemda den fortjener frå klimaforskarar og forskarar innan samfunnsutvikling og global helse.

– Vi klarar ikkje å redusere klimautsleppa utan skogen, seier ho.

Konsekvensar av avskoging
Når regnskog vert hogd ned i Brasil eller Indonesia, får det fleire negative konsekvensar.

Trea som vert brent frigir CO2, og avskoging reduserer mengda skog som kan ta opp og lagre karbon frå atmosfæren. På det rydda landområdet kjem det oftast jordbruk som har store klimautslepp.

– Dersom vi stoppar å hogge ned tropisk regnskog i morgon og let øydelagt skog gro tilbake, vil karbonet som vert holdt ute av atmosfæren tilsvare opp mot tredve prosent av dei noverande, globale klimautsleppa, forklarar Seymour.

REDD+ for å redde regnskogen
Boka og forskinga som ligg bak er finansiert av den norske klima- og skogsatsinga til Klima- og miljødepartementet, leia av Per Pharo, som også deltek i paneldebatten.

– For ein bonde vil det alltid lønne seg å kutte ned trea, men for samfunnet er det katastrofe, seier Pharo.

Why forests? Why now? inneheld modellar for korleis bøndene kan få komensasjopn for tapte inntekter når dei bevarer regnskogen. Noreg bidreg økonomisk og politisk i det internasjonale arbeidet, som går under namnet REDD+.  

Gjennom REDD+ kan uvikingsland få utbetalt pengar når dei dokumenterer at dei har tatt vare på regnskogen. Denne modellen skil seg frå tidlegare økonomiske satsingar for å bevare regnskog.

Sidan 2008 har Noreg utbetalt 17 milliardar kroner til tiltak for å redusere klimagassutslepp frå avskoging og øydelegging av skog i utviklingsland, skriv klima- og skoginitiativet på sine nettsider.  

PaneldebattWhyForestsWhyNowAEikenesWeb
Paneldebatten vart leia av Stig Arild Pettersen (venstre). Per Pharo (den norske klima- og skogsatsinga), Vemund Olsen (Regnskogfondet) og Frances Seymour diskuterte norsk og internasjonalt satsing for å motverke klimaendringar ved å redusere avskoging. Foto: Åsmund H. Eikenes

Satellittar, Paris og dårleg tid
Seymour forklarar at det er tre faktorar som gjer arbeidet ekstra aktuelt no i 2017. Satelittovervaking av jordoverflata har blitt svært mykje betre, og gjer det mogleg å kartlegge og berekne omfanget og innhaldet i regnskogen meir presist enn før.

I tillegg er skogar løfta fram i Parisavtalen, med oppfordring om å leggje til rette for aktivitet som reduserer avskoging, slik som REDD+.

Det tredje punktet til Seymour er at det hastar å motverke klimaendringane.

– Vi held på å gå tom for tid. Jo lengre vi ventar, jo vanskelegare blir det, seier ho.

Nei til palmeolje
Det er ikkje berre internasjonale samarbeid som bidreg til å ta vare på regnskogen, og Seymour har stor tiltru til at neste generasjon kan påverke utviklinga.

– Grasrotrørsla og det politiske arbeidet komplementerer kvarandre, seier ho og trekk fram Greenpeace sin virale reklamekampanje frå 2010 (under), der dei oppfordra Nestlé til å fjerne palmeolje frå produkta sine.

Også Regnskogfondet har hatt ein liknande kampanje for å endre sammfunnshaldningane rundt palmeolje. Ein av konsekvensane vart at det norske pensjonsfondet trakk seg ut av selskap som driv med avskoging for å produsere palmeolje.  

– Det har skjedd eit normskifte der palmeolje frå nyleg avskoga landområder ikkje lengre er akseptabelt. Det får konsekvensar for selskap og styresmakter, understrekar Seymour til Framtida.no.

Umogleg utan skog
Under paneldebatten deltek også Vemund Olsen, seniorrådgivar i Regnskogfondet. Han fortel at i tillegg til arbeidet med å redusere avskoging til fordel for landbruk i Sør-Amerika og Indonesia, er det viktig å endre forbruksmønsteret til i landa som kjøper produkt som soya, biff og palmeolje.

Olsen meiner at kunnskap om at regnskog er ein sentral del av klimaarbeidet må bli betre kjent, både for klimaforskarar og for organisasjonar som arbeider med global helse, utdanning og utvikling.

– Utan skogane har vi ingen sjanse om å kutte karbonutsleppa, seier han.

Papua, Indonesia
– Har du ein favorittskog

– Hehe, ja, svarar Seymour, og held fram. – For tredve år sidan besøkte eg ein regnskog i Papua, aust i Indonesia. Lokalbefolkninga hadde eit uttrykk at dersom ein gjekk inn i skogen, så vart ein forvirra. Eg tenkte at det skulle gå bra, men då vi prøve å finne vegen tilbake, vart vi usikre. Dei lokale hadde rett.

LES OGSÅ: Slik bli du klar for klimadebatt