Politikk og samfunn

«Ville du heller hatt Trump som konge i 50 år, eller som president i fire år?»

Kvifor skal skattepengane våre gå til ei arverekkje som i utgangspunktet berre eksisterer fordi nokon blei fødde inn i riktig familie? spør Hedda Sofie Riddervold (22), styremedlem i Akershus unge venstre.

Hedda Sofie Riddervold (22)
Styremedlem i Akershus unge venstre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Hans Majestet Kong Harald var ein samlande konge for mange. Han hadde ei viktig rolle i Noreg gjennom 35 år, og mange har sterke kjensler knytte til han. Men framtida er ikkje skriven i stein. Berre fordi vi har hatt ein konge som mange likte, betyr ikkje det at alle framtidige monarkar nødvendigvis vil vere like samlande.

Eit tilfeldig system

Ein monark får rolla si gjennom arv. Det betyr at dersom vi ein dag får ein konge eller dronning som store delar av befolkninga ikkje ønskjer som statsoverhovud, har vi svært avgrensa moglegheiter til å gjere noko med det. Ein monark kan i praksis bli sitjande i fleire tiår.

Kva om Märtha Louise hadde vore dronning og Durek Verrett hadde vore konge? Dette er sjølvsagt eit hypotetisk døme, men det viser kor tilfeldig systemet kan bli. Vi veit ikkje kven som kjem til å vere våre framtidige monarkar, eller korleis dei kjem til å bruke rolla si.

Personstemmer bør avgjere

Eg meiner derfor at vi ikkje bør basere framtida vår på flaks. Vi bør ha eit system der folket faktisk får bestemme kven som skal vere landets øvste leiar.

For ville du heller hatt Trump som konge i 50 år, eller som president i fire år? Poenget mitt er ikkje å diskutere Trump som person, men å vise forskjellen mellom eit system der ein leiar kan veljast og bytast ut, og eit system der posisjonen går i arv.

Eg stoler på den norske befolkninga. Eg trur at vi saman kan bestemme kven som skal representere oss som øvste leiar. Og dersom vi først skal velje ein president, meiner eg at personen bør veljast direkte av folket. Det bør vere personstemma som avgjer, ikkje nødvendigvis kven som leier det største partiet. Sjølv om det i nokre tilfelle kan vere same person, meiner eg det er viktig at folket faktisk får stemme på personen dei ønskjer.

Fødde inn i riktig familie

Monarkar blir ofte behandla som om dei er viktigare enn oss andre. Men dei er menneske dei òg. Kong Harald var eit menneske, akkurat som alle andre som lever i dette landet.

Sjølv om landet var i sorg, innførte regjeringa ikkje ein nasjonal sørgjeperiode etter 22. juli. Er dei 77 menneskeliva som gjekk tapt då, mindre verd enn livet til ein konge? Eg meiner nei. Og eg trur Kong Harald sjølv ville meint det same.

For når kongefamilien bruker skattebetalarane sine pengar på at fleire familiemedlemmer skal ta kvar sin bil til sjukehuset, mistar eg litt av trua på systemet. Kvifor skal skattepengane våre gå til ei arverekkje som i utgangspunktet berre eksisterer fordi nokon blei fødde inn i riktig familie?

Må skilje mellom kongen og systemet

Eg seier ikkje at Kong Harald ikkje hadde ei viktig rolle. Det hadde han. Men eg meiner at vi må klare å skilje mellom kor glade vi er i ein enkelt konge, og om sjølve systemet er riktig for framtida.

Makt bør ikkje gå i arv. Makt bør liggje hos folket.