Glad for meir Språkråd-makt i språklov
Språkråd-direktør Åse Wetås er godt fornøgd med at regjeringa vil gi Språkrådet meir makt i framlegget til norsk språklov, sjølv om dei ikkje får sanksjonar å slå i bordet med.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er veldig glad for at lova eksplisitt omfattar Språkrådet som organ, og at lova omtaler sentrale arbeidsoppgåver som vi gjerne ønskjer oss ei styrking av, seier direktør Åse Wetås i Språkrådet til Nynorsk pressekontor.
I det lovframlegget som kulturminister Trine Skei Grande (V) sende ut på høyring fredag, foreslår regjeringa å lovfeste tilsyns- og rettleiingsrolla til Språkrådet overfor offentlege organ, og vil òg gi statsorgana plikt til å gi Språkrådet opplysningar til bruk i tilsynsarbeidet.
Men sanksjonar i form av gebyrstraff eller anna får dei ikkje. Det er eit punkt Trine Skei Grande ventar debatt om.
LES OGSÅ: Ny språklov: – Vil styrka språkmangfaldet
Vil ha debatt om sanksjonar
– Det trur eg er eit veldig godt stalltips frå kulturministeren. Dette har allereie vore debattert mykje, mellom anna i samband med val av namn på statlege verksemder og i kva grad statlege verksemder skal ha plikt til å rette seg etter krava i dagens mållov. Det er absolutt ein debatt eg trur det blir fint å få, og som det skal bli interessant å sjå resultata av, seier Wetås.
Men Språkrådet får uansett utvida armslag i språklova, understrekar språkdirektøren.
– Ei lovfesting vil i seg sjølv gjere det enklare for oss å handheve til dømes kravet til statsinstitusjonar om at dei må følgje rettskrivinga og tilby allmenta norsk på ein god måte, enten det gjeld namneval eller innhaldsproduksjon. Lovfestinga styrkjer i seg sjølv involveringa vår og rettleiinga vår overfor institusjonane, seier Wetås.
LES OGSÅ: Språkrådet refsar statlege namneprosessar
Kva namneendring likar du minst?
Kva namneendring likar du minst?
– Ein gledesdag
Framlegget til språklov er meint å erstatte mållova samtidig som statusen til andre språk som det offentlege har ansvar for, blir lovfesta.
– For Språkrådet er det veldig gledeleg at det no kjem ei heilskapleg språklov som omfattar både norsk, norsk teiknspråk, dei samiske urfolksspråka og dei nasjonale minoritetsspråka. At alt dette blir femna av éi lov, det styrkjer statusen til alle desse språka, seier Wetås.
– Det er ein gledesdag for alle som er interesserte i språk, og for alle dei som har språkinteresser som dei opplever som trua eller under press.
LES OGSÅ: Nynorsken har ein internasjonal fanskare