Språkrådet refsar statlege namneprosessar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Direktør Åse Wetås i Språkrådet er grundig lei av at Språkrådet gong på gong blir forbigått når statlege selskap og organ skal skifta namn. Ho meiner resultatet er ei rekkje dårlege namn som bryt med reglane for godt, norsk språk.

Les også: Språkrådet ber Isaksen avvise Oslomet

Språkrådet blir ikkje konsultert

– Sanninga er dessverre at Språkrådet framleis ofte ikkje blir konsultert i slike prosessar. Det er alvorleg. Dette gjeld fleire saker der prosessen har enda med at eit statsorgan har fått eit namn som Språkrådet sterkt ville rådd frå, seier Wetås til Dagens Næringsliv.

Ho har no skrive eit krast brev til Kulturdepartementet om saka. I brevet kjem ho med fleire døme som illustrerer utviklinga. Første gongen Språkrådet reagerte var i 2016 då det statlege føretaket som tok over Jernbaneverket fekk namnet Bane NOR SF. Reaksjonen skal ha ført til at Kulturdepartementet bad alle statlege føretak om å rådføra seg med Språkrådet før dei byte namn.

Les også: Regjeringa har konkludert: Språkrådet blir i Oslo

Oslomet og Norec

Men ikkje alle ville høyra på Språkrådet. Wetås viser mellom anna til at Høgskolen i Oslo og Akershus på nyåret i år skifta namn til Oslomet storbyuniversitet – trass sterke protestar frå Språkrådet.

Då Fredskorpset i august i år byte namn til Norec såg Åse Wetås seg nøydd til å ta affære på nytt. Ho meiner Norec er eit tullenamn som betyr lite både på engelsk og norsk, og som ikkje er i tråd med norsk rettskriving.

Direktør Jan Olav Baarøy i Norec seier på si side at dei ikkje visste om pålegget, men forsvarar likevel det nye namnet og meiner det kommuniserer betre med folk i utlandet.

Statssekretær Frida Blomgren i Kulturdepartementet er på si side klar på at Språkrådet skal vera fagorganet til staten i språkspørsmål og meiner det er viktig at staten går føre med gode døme på godt norsk språk. Ho seier at departementet no vil vurdera skarpare tiltak for å sikra at dei språkfaglege rutinane blir følgde.

– Eg vil vurdera om vi treng ei sterkare formalisering av desse tilhøva, slik Språkrådet ber om, seier ho.