Mange er negative til namna Vy, Equinor og Oslomet

Tre av fem nordmenn meiner at offentlege verksemder i større grad bør lytte til Språkrådet når dei byter namn.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I undersøkinga Språkrådet har gjort seier 72 prosent av dei spurde at dei er negative til nye namnet på NSB, Vy. 53 prosent er negative til Equinor (Statoil), og 45 prosent stiller seg negative til Oslomet (Høgskolen i Oslo).

Berre 7, 14 og 9 prosent seier dei er positive til dei nye namna.

Kva namneendring likar du minst?

Kva namneendring likar du minst?

NSB til Vy.21
Statoil til Equinor.1
HiOA til Oslomet.13
Veit ikkje.2
Alle like dårlege.45
Synest ikkje dei er så galne.5
Svar totalt: 87

 

Les også: SINTEF Byggforsk blir SINTEF Community: – Dårleg nytt for den norske språklege sjølvkjensla, svarar Språkrådet

Fleirtalet støttar Språkrådet

Så mange som 60 prosent meiner offentlege verksemder i større grad bør lytte til råda frå Språkrådet i samband med namneendringar. Berre 14 prosent er ueinige i dette.

Den støtta er direktør Åse Wetås i Språkrådet glad for.

– Vi får av og til kritikk for å vere gammaldagse, men desse tala viser at vi har brei støtte i befolkninga. Det gir oss tru på at råda våre vil få større gjennomslag i framtidige namneprosessar, seier Wetås, som understrekar at Språkrådet ikkje ønskjer seg ein omkamp om dei tre namna.

– Det er oppløftande at folk i så stor grad er einige i at råda våre bør lyttast til, seier språkdirektøren.

I retningslinjene for fastsetjing av namn på statsorgan heiter det at Språkrådet bør konsulterast tidleg i arbeidet, men Språkrådet seier dei ofte blir kontakta seint i prosessen, og at somme ikkje tar kontakt i det heile. I retningslinjene står det òg at namna skal vere til lette å kjenne att og sjølvforklarande, og at dei skal følgje norsk rettskriving. Språkrådet har likevel ingen vetorett i namnesaker.

Les også om Norsk Målungdom som vil gje meir makt til Språkrådet: – Me synest det er bekymringsverdig at statlege organ ikkje høyrer på staten sitt eige rådgjevande organ når det kjem til språkspørsmål