Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ute i sola ligg folk i Oslo sine mange parkar og nyt sommaren. I motsetning til desse finn vi ei gruppe på 11 studentar som har reist langveis frå for å tilbringe delar av sommaren sin på eit klasserom på Blindern.

Framtida besøkte klassa som held til i Georg Morgenstjernes hus ved Universitetet i Oslo. Dei er elevar ved Den internasjonale sommarskulen, og tek eit kurs i nynorsk.

Eksamen var no vel overstått og det var snart sommarferie også for desse studentane. Men kva fekk studentane til å kome til Noreg for å lære om nynorsk?

Språkinteresserte studentar

Fleire av studentane har studert skandinaviske språk og norsk tidlegare. Dei fortel at når dei lærte om Noreg fekk dei sjølvsagt høyre om nynorsk, men at hovudvekta var lagt på bokmål.

– For meg vart bokmål litt for keisamt og formelt, fortel engelske Amanda.

Nysgjerrige på den andre målforma i Noreg, kom dei til UiO sin internasjonale sommarskule for å få svar.

– Nynorsk var ikkje så vanskeleg som eg trudde det skulle vere, seier Andrea som kjem frå USA.

Frå Ivar Aasen til i dag

Gjennom kurset lærer dei om den nynorske utviklinga frå Ivar Aasen til i dag: politisk, kulturelt og språkvitskapeleg. Men dei blir også kjende med den nynorske songtradisjonen.

– Songane på nynorsk er så vakre, spesielt Tir n’a Noir. Denne ønskjer eg å omsetje, fortel Amanda entusiastisk.

Sjølv om det er siste dagen før sommaren er der rom for faglig diskusjon mellom forelesar og studentane. Dei diskuterer nynorsken si rolle i dagens samfunn, og om nynorsken kan kallast eit elitespråk. Tonen er leiken og avslappa mellom partane, sjølv om det er faglig innhald. Det heile går sjølvsagt føre seg på norsk.

Forelesaren, Stephen John Walton, har doktorgrad i Ivar Aasen og nasjonalromantikken frå University of Cambridge. Han har forelese på kurset i heile 36 år, like lenge som kurset har eksistert.

– Eg skal i alle fall forsette til eg har jobba her i 50 år, ler Walton.

Vakker, interessant og spennande

Elevane ved kurset fann nynorsken vakker og interessant, for ikkje å snakke om den spennande språkhistoria. Fleire var einige i at dei forstår Noreg betre etter å ha lært meir om målforma.

– Det har vore veldig interessant å lære meir om nynorsken! Spesielt sidan den skriftlege språksituasjonen er så annleis frå den i Latin-Amerika, fortel argentinske Vanessa.

Då Kristoffer Myklebust Egset (21) frå Ørsta avtente verneplikta fekk han ID-kort på bokmål og engelsk. Norsk Målungdom er uroa for korleis Forsvaret tek imot nynorskbrukarar.