For å få plass på Bjerknessenteret for klimaforsking sin seglas mot Arendalsveka svarte klimaengasjerte ungdommar på korleis Noreg skal verte eit nullutsleppssamfunn. Denne teksten sikra Sebastian Måren (18) plass.
Sebastian Måren (18)
Sebastian Måren (18)

Noreg vil måtte jobbe hardt for å bli eit nullutsleppsland. Nokre viktige faktorar for å lukkast med dette er:

  1. Legge til rette for å satse breitt på forsking og utdanning inn mot fornybare og berekraftige energiløysingar.

2. Ta ut potensialet til eksisterande grøn energiproduksjon ved å utnytte dei fornybare energikjeldene vi allereie har. Det er viktig å sjå verdien av desse. 

3. Optimalisere energiforbruket vi har i alle ledd, frå energikjelda til lyspæra. Det er rom for masse forbetring av effektiviteten av energibruken vår, i alt frå straumnettet til effekten på apparat vi har heime. Den beste måten å redusere utslepp er jo trass alt å redusere forbruket av energien. 

Den beste måten å redusere utslepp er jo trass alt å redusere forbruket av energien

4. Gjere lure satsingar og investeringar innan utvikling av fornybare energiteknologiar, satsingar som over tid gjer at det vert økonomisk lønsamt å produsere grøn energi. Viss Noreg får ei fot i døra i teknologiar som offshore vindkraft tidleg, kan vi tene mykje på ein energimarknad som vil vere større om eit par tiår enn det vi har i dag. Ein må prøve å sjå på dette som ei mogelegheit for teknologisk og økonomisk utvikling, ikkje berre eit «energiproblem». 

Sjølv med alle desse punkta i boks vil nok ikkje Noreg bli eit nullutsleppsland: Vi importerer mykje av forbruksvarene våre frå land med annan miljøpolitikk.

Ved å leie veg innan fornybar energi kan vi derimot vere med på ei grøn omstilling ute også. 

Vi treng alle mann på dekk! 

Les intervjuet med Neda (18) som også skal vere med Bjerknessenteret på klimaseglasen: – Eg trur mange ungdomar er fortvila. Deira stemme vert ikkje høyrt. Når dei inviterer oss med så er dei interesserte i oss, som framtida.

Neda Valeckaite (18) er ein av åtte ungdomar som skal segle med Bjerknessenter for klimaforsking til Arendalsveka. Foto: Bente Kjøllesdal

Kommentarar

ANNONSE