– Eg er skuffa over at regjeringa ikkje tar klimakrisa meir alvorleg

Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2019 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva har gledd deg mest dette året?

– Alt grasrotengasjementet for miljø. I mellom anna Sverige, Noreg, Storbritannia, Australia har tusenvis av ungdommar streika skulen i protest mot politikarar som ikkje tar klimakrisa på alvor. Det gir utruleg mykje energi og glede og sjå at me er så mange unge som protesterer mot handlingslamma politikarar.

Kan vi håpe på eit ungdomsopprør, spør klimarådgjevar og tidlegare FN-direktør Svein Tveitdal. Han seier politikarane bør vere like redde som skuleelevane.

– Kva har skuffa deg mest?

– Eg er skuffa over at regjeringa ikkje tar klimakrisa meir alvorleg. Regjeringa har ikkje kome med eit einaste nytt klimatiltak sjølv om me har hatt tidenes ekstremvêrsommar og ein ny rapport frå FNs klimapanel som viser kor utruleg mykje det hastar å ta vare på klimaet. Me fekk eit statsbudsjett for 2019 kor det er eit vanvitig stort gap mellom klimamåla og klimatiltaka.

Les også: Miljøorganisasjonar refsar budsjettavtalen

– Kva er ditt største ønske for 2019? 

– Me får ei anna retning i miljøpolitikken: Dei norske klimagassutsleppa går kraftig ned, Førdefjorden og Repparfjord blir redda frå selskapa som vil dumpe gruveslam i dei og regjeringa droppar alle planar om ein ny rullebane på Oslo Lufthamn.

Les også: Derfor er klimatoppmøtet spesielt viktig i år