Stadig færre ungdommar trivst på skulen

Dei aller fleste norske ungdommane har det bra og oppfører seg pent, men forskarar ser likevel at fleire skulkar, kjedar seg og trivst mindre godt på skulen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den årlege undersøkinga av korleis det står til med norsk ungdom viser at dei i all hovudsak har det bra.

I fleire år har forskarar rapportert at ungdom blir meir og meir skikkelege, men dei siste par åra har denne trenden flata ut.

Leiar Anders Bakken ved Ungdatasenteret på Oslo Met påpeikar at eit segment i ungdomsgruppa ser ut til å ha lågare terskel for å gjere regelbrot og tøye grenser.

– Nokre av utviklingstrekka vi har sett dei siste åra, ser ut til å forsterke seg. Det er ei utfordring å knyte det til bakanforliggande årsaker, men vi ser at det fell litt saman med at fleire ungdommar bruker cannabis og utfører ungdomskriminalitet, og at fleire har vorte utsett for vald, seier Bakken til NTB.

LES OGSÅ: Mindre bråk i klasseromma – Noreg har størst betring

Skuletrivsel

Dei siste tre-fire åra har forskarane sett tendensar til endring, og skuletrivsel er blant tinga som har endra seg noko.

– Det er litt fleire som ikkje trivst, og som kjedar seg, skulkar og gruer seg. Vi ser òg ein nedgang i tida ungdom bruker på skulen. Det er fleire indikatorar som tyder på at det er ei endring i relasjonen ungdom har til skulane, seier Bakken.

Sjølv om rundt seks av ti på ungdomstrinnet og vidaregåande seier dei trivst på skulen, er det 8–9 prosent som ikkje trivst. Delen som trivst, har vorte noko lågare kvart år sidan 2012.

Samtidig kjedar både gutar og jenter seg i større grad. Rundt sju av ti meiner skulen er kjedeleg. Dette gjeld for fleire på ungdomstrinnet enn på vidaregåande.

Det er likevel slik at mange ungdommar tar sikte på å ta høgare utdanning, spesielt jenter. Men det er samtidig færre no enn for nokre år sidan som trur dei vil ta utdanning på høgskule eller universitet.

DEBATTINNLEGG: Kva er eigentleg ein optimal skule?

Trivst med livet

Hovudfunnet frå Ungdata er likevel at det generelt sett står bra til med norsk ungdom, og at dei aller fleste trivst med det livet dei lever. Dei er godt fornøgd med foreldra sine, skulen dei går på og lokalmiljøet.

Ungdommane lever òg aktive liv, der dei bruker tid på sosiale medium, dataspel, trening, organiserte fritidsaktivitetar, skulearbeid og det å vere med venner.

Alt i alt viser rapporten at unge i dag framleis er meir skikkeleg enn tidlegare ungdomsgenerasjonar.

Over ein halv million ungdommar har deltatt i undersøkinga Ungdata sidan 2010. Rapporten i år omfattar undersøkingar gjort på ungdomstrinnet i 412 kommunar i tillegg til Svalbard, og på dei aller fleste vidaregåande skulane i landet. (©NPK)

LES OGSÅ: Høgare trivsel med skulefrukost

Elevrådsleiar Vebjørn Holen Seljestad (21) ved Lakselv vidaregåande sa til Framtida.no i 2107 at så enkelt som skulefrukost kan vere til hjelp for elevar som ikkje kjem seg på skulen om morgonen. Arkivfoto: Andrea Nøttveit