Mindre bråk i klasseromma – Noreg har størst betring

17 prosent av norske lærarar seier at dei bruker lang tid på å roe ned elevane i timen, ifølgje ei undersøking. For ti år sidan svarte over halvparten det same.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utviklinga kjem fram i OECDs Teaching and Learning International Survey (TALIS), der ungdomsskulelærarar i 48 land deltok i undersøkinga for 2018. Ingen andre land i undersøkinga kan vise til tilsvarande betring, opplyser Kunnskapsdepartementet.

– Det er veldig bra at læringsmiljøet har vorte betre, og at det er meir ro i klasserommet. Det betyr meir tid til undervisning, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H).

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) rosar lærarane og læringsmiljøet på norske skular. Foto: Andrea Nøttveit

Motsett retning

Funnet blir trekt fram som ekstra positivt fordi det går i motsett retning av tendensen i dei fleste andre land, der lærarane melder om meir uro og mindre tid til undervisning.

– Her heime har lærarar på ungdomstrinnet vorte flinkare i klasseleiing. Ro og gjensidig respekt i klasserommet er avgjerande for at elevane skal meistre og lære, seier Sanner.

Direktor Hege Nilssen er nøgd med at norske lærarar trivst i jobben. Foto: Utdanningsdirektoratet

Ifølgje undersøkinga brukar òg lærarane mindre tid på administrative oppgåver i timane. Og under 5 prosent oppgir at dei ikkje trivst i jobben.

– Vi har flinke lærarar i norske klasserom, og det at så mange som ni av ti lærarar i norsk skule trivst i jobben sin, er veldig positivt for læringa til elevane og trivsel på skulen, seier direktør Hege Nilssen i Utdanningsdirektoratet.

Les også om den nye undersøkinga som viser at fire av ti elevar på vidaregåande skule meiner lærar er eit attraktivt yrke.

Lite fagleg oppfølging

Men ikkje alt er positivt for Noregs del. Mange nyutdanna lærarar svarer at dei får for lite fagleg oppfølging i overgangen frå utdanning til yrke.

Berre ein av fire nyutdanna lærarar oppgir at dei har deltatt i eit introduksjonsprogram på skulen, og berre éin av seks nytilsette lærarar har ein rettleier eller mentor.

– Nyutdanna lærarar må få betre oppfølging. Saman med organisasjonar for barnehage, skule og høgare utdanning har vi vorte samde om prinsipp og forpliktingar for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule, seier Jan Tore Sanner.

Les også: SV foreslår «ein tredje veg» i betent karakterstrid for lærarar

Fleire med fem års utdanning

Ifølgje TALIS-undersøkinga er det ein klar auke i delen lærarar som har minst fem års høgare utdanning, frå 23 prosent i 2013 til 34 prosent i 2018.

I tillegg viser undersøkinga at heile 94 prosent av lærarane det siste året har deltatt på aktivitetar for kompetanseutvikling, som kurs eller vidareutdanning. Éin av fem lærarar etterlyser samtidig meir fagleg påfyll om bruk av ny teknologi i undervisninga.

Over 4.000 norske ungdomsskulelærarar og 162 rektorar har deltatt i undersøkinga.

Les også: Regjeringa vil innføre fleire masterutdanningar for å sikre kompetansen til lærarane og gi dei betre jobbmoglegheiter.