Kva er eigentleg ein optimal skule?

Ida Heggland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

2020 er året det skjer store forandringar på skulefronten. Dette året blir det nemleg tatt i bruk nye læreplanar. Å lage ein ny læreplan er ikkje gjort over natta, og det er mange viktige spørsmål ein skal stilla. Korleis skal ein unngå presset dagens ungdom opplever? Skal mobilen framleis bli sett på som ein distraksjon framfor eit læremiddel?

For meg er trivsel ein av hovudfaktorane for innsatsen i faget. Det trur eg mange elevar kjenner seg igjen i. For god trivsel er vi avhengige av dyktige lærarar med breitt spekter og høg variasjon i timane. Dette inneber at læraren ikkje distanserer seg sjølv frå eleven og utnyttar si maktrolle.

Ja, læraren si oppgåve er å gi kunnskap, men det er viktig at ein føler at læraren ynskjer deg vel og gjev deg støtte.

Leksefri

Den store debatten om lekser er ikkje eit nytt tema, men framleis nytter dei fleste skulane seg av dette. Eg trur at ungdom i større grad vil oppleve glede i skulekvardagen dersom dei får organisere si eiga fritid sjølv, utan å gå sju timar på skule og ta med arbeid heim.

At behovet for å gjere lekser er så stort for å komme seg gjennom pensum, er ein indikator på at vi har for høge krav.

Ser vi på skulane i Finland som har blitt rangert til blant verdas beste skular å gå på, har dei for lengst droppa lekser.

Ser vi på skulane i Finland som har blitt rangert til blant verdas beste skular å gå på, har dei for lengst droppa lekser.

Meir konkrete fag

Faga må bli meir konkrete. Historie for eksempel er viktig, men å ha ein prøve om 20 forskjellige kongar, som alle heiter Håkon, Olav eller Harald, i tillegg til å ta for seg heile mellomalderen, vil fort opplevast som unyttig. Ein mister motivasjonen. Er alle dei 20 ulike kongane og kjende personane like viktige, eller er det mogleg å gjere historia enda meir presis?

Vi skal kunne så mykje på kort tid, det er ikkje rart at ungdom i dag føler seg utsliten allereie før vidaregåande.

Vi skal kunne så mykje på kort tid, det er ikkje rart at ungdom i dag føler seg utsliten allereie før vidaregåande.

Meir framtidsfokus i norsk

Eit anna fag med høgt forbetringspotensiale er norsk. Dette kan fort bli eit tørt fag med mykje repetisjon av historie, i tillegg til at ein blir naudsynt til å skrive tolkingar av urgamle dikt.

For å få eit meir framtidsfokus, bør ein heller lære dei yngre korleis dei skriv jobbsøknadar og CV, og lesarinnlegg om dagsaktuelle tema som fangar opp interessa hos elevane. Dette trur eg òg vil fremje interessa for side- og hovudmål.

Slik som eg har opplevd, slit mange unge med å meistre nynorsk. Det kjem både av mangel på nynorsk undervisning, og fordi vi analyserer dikt og skriv norskstilar om barokken gong på gong. Det kan gjere faget tørt, og gje mangel på interesse i nynorsk.

Norsk er eitt av faga vi har tre år på vidaregåande på studiespesialisering, medan vi har historie to år. I desse faga går vi ofte gjennom dei same epokane. Er det mogleg å organisere faga betre så ein ikkje sit igjen med kjensla av at faga går ut på det same?

Vi må skape ungdom som gler seg til framtida og som vil gjere ein innsats.

Vi må ha ein skule som førebur oss på framtida

Vi må skape ungdom som gler seg til framtida og som vil gjere ein innsats. Noko av det eg saknar i skulekvardagen er at skulen ikkje held tempoet oppe med resten av samfunnet.

Medan mange skular innfører mobilhotell, tek samfunnet utanfor skulen i større bruk teknologien. Det kan verke som om mange lærarar meiner at den beste måten å lære på er gjennom eit langt foredrag etterfølgt av repetisjonsspørsmål og lekser.

Vi må ha ein skule som førebur oss på framtida. Det trur eg ikkje at dei titals skrivedagane der eg har tolka dikt frå så langt unna min tidsperiode ein kan komme – eller stikkballen i kroppsøvinga – har gjort.

Vi lærer for lite om korleis ein kan handtere stress eller danne seg eit sunt kosthald som ein for eksempel burde gjort i kroppsøvinga.

For meg er det viktigaste at vi elevar treng meir variasjon i undervisninga og meir konkret pensum for å auke motivasjonen vår. Å tenkje framtidsretta og inkludere psykisk helse som stress på timeplanen kan hjelpe elevar til å meistre kvardagen betre, og føle at skulen er ein stad for viktig lærdom, ikkje ein stad der ein blir utsliten. Vi må tenkje nytt og ikkje berre spinne på gamle idear, vi har sett kor mykje ungdom slit med psykisk helse, vi treng ei forandring!