Nye reglar for studielån blir innførte i haust

No må studentane fullføre grada for å få delar av studielånet omgjort til stipend.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare har 40 prosent av basisstøtta frå Statens lånekasse vorte omgjort til stipend så lenge du ikkje har budd saman med foreldra dine eller hatt for høg inntekt, trygd eller formue.

Tøffare krav

No blir det stilt tøffare krav til studentane som tar høgare utdanning. Frå undervisningsåret 2019–2020 må studentane fullføre studiet dei har starta på, for å få full omgjering til stipend.

Studentane kan få 25 prosent av lånet omgjort året etter bestått eksamen, medan 15 prosent blir berre omgjort for dei som faktisk fullfører grada på bachelor- eller masternivå.

Unntaket er praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og enkelte vidareutdanningar for sjukepleiarar, som framleis vil få full omgjering sjølv om utdanninga ikkje leier fram til ei grad.

Under halvparten fullfører

Dei nye reglane for studielån har vorte møtt med store protestar frå studentar og studentorganisasjonar. Eit opprop frå Norsk studentorganisasjon (NSO) mot forslaget fekk over 20.000 underskrifter og tilslutning frå nærare 30 organisasjonar, inkludert KrFU.

Likevel vart regjeringspartia Høgre, Frp, Venstre og KrF samde om å innføre reglane.

Høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) meiner dei nye reglane vil gi studentar større og høgare motivasjon til å fullføre studiet. Halvparten av bachelorstudentane fullfører ikkje på normert tid, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

I perioden 2008–2012 byrja om lag 167.000 studentar på eit bachelorstudium for første gong. Tre år etter studiestart hadde 50 prosent av kvinnene fullført sin bachelorgrad, medan 43 prosent av dei mannlege studentane hadde gjort det same.

Ber om auka studiestøtte

Tidlegare NSO-leiar Håkon Rangaard Mikalsen har tidlegare uttalt at kjernen i problemet er at studentar ikkje har tid til å faktisk vere studentar.

– Det me treng er økonomisk rom til å prioritere studiane, eit godt og tilgjengeleg velferds- og helsetilbod og høg kvalitet i utdanninga. Det me ikkje treng er meir pisk og meir gjeld, sa han i ei pressemelding då forslaget kom.

Å reversera stipendkuttet er ei kampsak for den nye NSO-leiaren, Marte Øien. Les leiarspalta med NSO-leiaren her!

1. juli tok Marte Øien fatt på vervet som leiar for Norsk Studentorganisasjon. Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold

For undervisningsåret 2019–2020 kan studentane få inntil 110. 200 kroner i basisstøtte. Fulltidsstudentar kan i tillegg få utbetalt fire ekstra veker med støtte i juni 2020. Det gir ei samla basisstøtte på 121.220 kroner.

Det er samtidig grenser for kor mykje studentar kan tene ved sida av studiane for å få lånet omgjort til stipend. Inntektsgrensa er på 182.575 kroner i 2019 og 188.509 kroner i 2020.