Vil at studiestøtte skal gje pensjonspoeng

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mange som tar lang utdanning der ein ikkje nødvendigvis går ut i ein jobb med topplønn, som til dømes sjukepleiarar og lærarar. Viss du i tillegg skal gå heile den perioden utan, kjem du dårlegare ut, seier leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO)Håkon Randgaard Mikalsen til Universitas.

NSO ønsker difor at studiestøtte kan telje som grunnlag for pensjonssparing.

Må tenkje på pensjon

Studentleiaren trur den passive haldninga til pensjon delvis kan vere nedarva frå foreldra

–⁠ Foreldra til dei fleste som studerer i dag, har ikkje nødvendigvis måtte aktivt spare til pensjon. Eg har aldri opplevd at foreldra mine har trunge å tenke på pensjon, men med den nye pensjonsreforma er det plutseleg nødvendig, seier han

Forbrukarøkonom i DNB, Silje Sandmæl. Foto: DNB

Forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB seier dagens unge truleg vil leve lenger og få mykje mindre i pensjon enn eldre gjer i dag.

–⁠ Den vanlegaste feilen ein gjer er å ikkje starte pensjonssparing tidleg nok, seier ho og understrekar at ein ikkje nødvendigvis må spare store summar.

–⁠ Nokre hundrelappar i månaden vil komme godt med. Små summar kan vekse seg veldig store over tid.

Les intervjuet med Lise (32), som snart har snart spart nok til å kunne pensjonere seg:

Lise Vermelid Kristoffersen har automatisert sparinga si og har snart pengar nok til å «pensjonere seg». No delar ho sparetips gjennom blogg, Instagram og podcast. Foto: Ingeborg Løvlie