NSO sin nye leiar: – Det er viktig at samfunnet vert meir opptekne av at unge skal høyrast

1. juli tok møringen Marte Øien (28) over vervet som leiar for Norsk studentorganisasjon.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det å vete at eg kan bidra til at vi kan få eit betre samfunn er utruleg gjevande, skriv Marte Øien i ein e-post til Framtida.no.

28-åringen frå Ålesund tok nyleg fatt på vervet som leiar i Norsk studentorganisasjon. Det er nettopp mogelegheita til å skape endringar for norske studentar som har engasjert og motivert Øien mest.

Ho trur likevel ikkje NSO kjem til å merke stor forskjell når ho no har teke over roret. Organisasjonen skal nemleg vere stabil uavhengig av leiing, og politikken for å betre studentane sin kvardag skal vere i fokus.

Ei sterk norsk studentstemme

– Kvifor er det bruk for Norsk studentorganisasjon i Noreg?

– Studentane er den viktigaste delen av norsk høgare utdanning. Då er det viktig for utviklinga av akademia og for utviklinga av samfunnet i sin heilskap at det eksisterer ei sterk norsk studentstemme i den offentlege debatten.

– Når stortinget, regjeringa og norske utdanningsinstitusjonar eller andre aktørar skal vedta eller meine noko om høgare utdanning er det nødvendig at studentane vert høyrde, og får ta del i debattane.

– Kva var dei viktigaste vedtaka som vart gjort på landsmøtet dykkar?

– Dei viktigaste vedtaka som vart gjort på landsmøtet i år er at organisasjonen fortsatt skal vere ei studentstemme som skal kjempe for gratisprinsippet i høgare utdanning, at studentar skal prioriterast økonomisk i samband med statsbudsjettet og endringar i universitets- og høgskulelova skal vere til beste for norske studentar.

Eit år med mykje på tapetet

– Kva er dei viktigaste sakene for NSO det neste året? 

– For studentane vert den viktigaste saka statsbudsjettet. At studentane får gjennomslag for sine krav om å auke studiestøtta til 1,5 gongar grunnbeløpet i folketrygda, at studiestøtta vert utbetalt over elleve månadar, reversere fjorårets stipendkutt og at det vert bygd minst 3000 studentbustadar.

I tillegg trekker Øien fram ekspertutvalet som arbeider med å revidere universitets- og høgskulelova. Denne skal leggast fram i februar 2020. I løpet av same året kjem også to stortingsmeldingar som NSO skal arbeide mykje med.

– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom når fram til dei som styrer?

– Den viktigaste måten å sikre at meiningane og utfordringane til ungdom kjem fram til dei som styrer er at ungdom engasjerer seg i demokratiet.

I år er det rekordmange unge som står på liste til norske kommune- og bystyreval. Øien oppmodar likevel endå fleire unge til å stille til val:

– Det er viktig at partia og samfunnet vert meir opptekne av at unge skal høyrast, og difor er det sjølvsagt også viktig at unge deltek i samfunnsdebatten, og ikkje minst brukar stemmeretten sin.

Auka studiestøtte og betre læringsmiljø

– Kva er dine personlege hjartesaker?

– Mine to personlege hjartesaker er auka studiestøtte og betre læringsmiljø.

– Når det gjeld studiestøtta er dei viktigaste faktorane at studentar skal kunne studere mest mogeleg på heiltid og at alle skal ha reell lik rett til utdanning i Noreg. Når det gjeld læringsmiljø er det viktig at norske studentar får dei same rettane som norske elevar og arbeidstakarar har gjennom lovverket.

– Kva er idealsamfunnet?

– Idealsamfunnet må vere når vi alle får mogelegheita til å delta uavhengig av kva føresetnadar vi har. Oppnår vi det, så trur eg kunnskapssamfunnet vårt vert rikare.

 

Alida de Lange D’Agostino skal sørge for at rettane til norske elevar vert ivaretekne i året som kjem. Foto: Agathe Waage/Elevorganisasjonen

Marte Øien

Alder: 28

Kvar kjem du frå: Ålesund

Yrke: Leiar av Norsk studentorganisasjon (NSO)

Favorittfag på skulen: Samfunnsfag

Ulike verv du har/hatt: Nestleiar i NSO, Sentralstyret i NSO, Leiar av Studenttinget NTNU, styremedlem Norgesuniversitetet.

Kva organisasjonar/partier/har du vore medlem i: Ungdomspolitikken, lokal – og nasjonal utdanningsorganisasjoner

Kva gjer du i fritida/hobby: Når eg får tid til det, prioriterer eg trening, bøker, podcast og familie og vennar.