Regjeringa vil omgjera lån til stipend først etter fullført grad

Norsk studentorganisasjon (NSO) er provosert over forslaget om å endra stipendordninga i Lånekassen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I forslaget til nytt statsbudsjett for 2019 foreslår regjeringa å endre ordninga for å få stipend i Lånekassen.

I dag får fulltidsstudentar eit årleg lån på 108 250 kroner i basisstøtte. Etter å ha fullført undervisningsåret og stått på eksamen vert 40 prosent av dette omgjort til stipend.

Regjeringa foreslår no at 15 prosent av stipendandelen skal gjerast om først etter fullført grad.

Les også: LO går inn for høgare studiestøtte

Berre seks av ti fullfører grada

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) vil at fleire skal fullføra graden. Foto: Marte Garmann

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) vil at fleire skal fullføra graden. Foto: Marte Garmann

Under pressekonferansen i regjeringskvartalet forsvarar finansminister Siv Jensen forslaget.

– Det stimulerer til å fullføra heile grader. Det er bra både for samfunnet og den enkelte, seier Jensen.

I Noreg startar 72 prosent av befolkninga på høgare utdanning, men berre seks av ti fullfører ei grad. Det er lågare enn i dei andre OECD-landa, der færre startar på høgare utdanning og fleire gjennomfører.

For regjeringa er det eit mål at fleire skal kome seg gjennom studieløpet og få ei grad.

– Å tileigne seg kunnskap gjennom høgare utdanning har ein verdi i seg sjølv, men å gjennomføra er viktig både med tanke på personleg økonomi og kva som er samfunnsøkonomisk lønnsamt, ­sa forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding då tala på gjennomføring vart kjent i september.

– Mistenkeleggjere studentane sin innsats

NSO meiner forslaget ikkje vil løyse årsakane til at studentar fell frå og er uroa for konsekvensane.

– Med truslar om auka gjeld bidreg regjeringa til å mistenkeleggjere studentane sin innsats, snarare enn å skape gode, utfordrande og trygge utdanningar, seier leiar i NSO Håkon Randgaard Mikalsen i ei pressemelding.

Regjeringa fortset opptrappinga til 11 månader studiestøtte med éi ekstra veke, noko som betyr ei auke på 1,8 prosent.

NSO viser til at regjeringa reknar med å spare 250 millionar på forslaget og meiner dei no gjev med den eine handa og tek med den andre.

– Det me treng er økonomisk rom til å prioritere studiane, eit godt og tilgjengeleg velferds- og helsetilbod og høg kvalitet i utdanninga. Det me ikkje treng er meir pisk og meir gjeld, avsluttar Randgaard Mikalsen.

Les også: Caroline Piasecka fekk betalt utdanning med idrettsstipend i USA