Nye tal: Studentane tek rekninga for 11 månadars studiestøtte

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nye utrekningar Kunnskapsdepartementet har gjort for SV viser at regjeringa har finansiert den utvida studiestøtta ved å kutte i andre støtteordningar for studentar, melder Khrono.

Studentane tapar medan regjeringa tener pengar.

Regjeringa går i pluss

Den auka studiestøtta vil koste regjeringa kring 700 millionar kroner kvart år. Likevel vil regjeringa gå i pluss.

Allereie har regjeringa vedteke å:

  • auke renta på studielånet
  • avvikle kvoteordningar som gjev økonomisk støtte til studentar frå utviklingsland som tek utdanninga si i Noreg
  • kutte i reisestipen i Noreg og Norden
  • innføre mindre fråtrekk av studielånsrenta

Samstundes vil forslaget til statsbudsjett for 2019:

  • endre stipendordninga slik at 15 prosent av lånet ikkje vert omgjort til stipend før fullført grad
  • endre rentefritaket for deltidsstudentar

Summen av desse endringane er at regjeringa sparer over 900 millionar kroner.

Les også: Regjeringa vil omgjera lån til stipend først etter fullført grad

Vekk frå idealet om heiltidsstudenten

SV sin talsperson for utdanningssaker, Mona Fagerås, seier til Khrono at regjeringa handlar i strid med si eiga målsetjing om at fleire skal gjennomføre studiane på normert tid.

– I staden må studentane jobbe meir og studere mindre for å få endane til å møtast. Dette heng ikkje på greip, seier Fagerås.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Rebekka Borsch (V) motviser kritikken. Ho meiner regjeringa si auke i utdanningsstøtte har gjeve studentane meir å rutte med, og betre mogelegheit til å konsentrere seg om studiane.

– Ein stor del av innsparingane er knytt til renteauke som har gjort det moderat dyrare å betale attende lånet, eller til omlegginga av konverteringsordninga som heller ikkje merkast på lommeboka før lånet skal betalast attende, seier Borsch til Khrono, og legg til:

– Dette gjeld i hovudsak på personar i jobb med grei økonomi.

Les også: Svart-kvitt om høgare utdanning

Elev- og studentorganisasjonane protesterer

I samband med forslaget om å endre stipendordninga slik at 15 prosent av lånet ikkje vert omgjort til stipend før fullført grad møter regjeringa motstand frå fleire hald.

Åtte av dei største elev- og studentorganisasjonane i Noreg har samla seg i protest. Til no har nesten 18 000 signert oppropet om å bevare stipendet slik det er.

Til Universitetsavisa seier Håkon Randgaard Mikalsen, leiar for Norsk studentorganisasjon, at dei er lei av kuttpolitikken.

– Dette syner korleis regjeringa har gitt med den eine handa og teke med den andre. Vi ynskjer ei satsing på høgare utdanning, men det må også innebere ei reell auke, seier han.

I ei pressemelding frå underskriftskampanjen skriv organisasjonane at forslaget legg alt ansvaret på fråfall over på studentane framfor å ta tak i utfordringane som bidreg til at studentar ikkje fullfører. Dei fryktar at studentar som byter studieløp eller har barrierer som hindrar dei i å fullføre vert straffa med høgare gjeld.

Les også: Meir enn 300 nordmenn har no milliongjeld hjå Lånekassen

Politisk motstand

Oppropet møter også støtte i politikken. Senterungdomen, AUF, KrFU og Raud Ungdom har alle signert. Heller ikkje SV eller Arbeiderpartiet støttar i sine alternative budsjettforslag regjeringa sitt ynskje om å endre stipendordninga.

KrF ser derimot ut til å akseptere forslaget, endå Hans F. Grøvan, utdanningspolitisk talsperson for partiet, poengterer ovanfor Khrono at stipendendringa ikkje er KrF sitt forslag.

Les også: 7 av 10 studentar seier dei ikkje kan studere utan deltidsjobb