Greta Thunberg tar eit friår for å prioritere klimainnsats

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 05.06.2019 23:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er den svenske avisa Dagens Nyheter som melder om at klimaaktivist Greta Thunberg ikkje vert å finna bak skulepulten etter sommarferien.

16-åringen nøyer seg altså ikkje lenger med å streike for framtida på fredagar, men ofrar eit heilt skuleår for klimakampen.

Greta: – Eg vil at de skal få panikk

Den svenske klimaaktivisten som har inspirert skuleelevar over heile verda til å streike for klimaet vekte åtgaum verda over for sin klare tale til politikarane under klimatoppmøtet i Polen før jul.

Greta Thunberg talte til EU-parlamentet tysdag. Foto: Twitter.com/GretaThunberg

Ho gjentok bodskapen til EU-parlamentet i Brussel i april i år.

– Eg vil at de skal få panikk. Eg vil at de skal handle som om det er eit hus som brenn, sa 16-åringen til politikarane.

Til hausten kan norske lesarar lesa heile historia om den familien Ernman-Thunberg og til neste år kjem ein dokumentarfilm om den unge klimaaktivisten.

Ho har vorte hylla av stjerner som Bono og fekk nyleg brev med støtteerklæringar frå Dalai Lama.

Flyr ikkje til Amerika

No tek 16-åringen turen over dammen for å kjempa vidare for klimaet.

To klimaarrangement er allereie oppførte i kalenderen hennar: FNs klimamøte i New York i september, og eit klimamøte i Santiago i Chile, men Thunberg veit ikkje korleis ho skal komme seg dit.

– Sidan eg ikkje flyr, får eg ta meg over Atlanteren på ein annan måte. Eg har ikkje heilt løyst det enno, men på ein eller annan måte skal eg komme meg dit. Eg skal i alle fall prøve alle moglegheiter som finst, seier Thunberg til Dagens Nyheter.