Bergen kommune erklærer klimakrise

Bergen kommune har vedtatt å erklære klimakrise. Samtidig lovar kommunen å forplikte seg til ein klimastrategi.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunen seier i ei fråsegn at dei i lys av klimakrisa vil gå føre som ein berekraftig og klimasmart kommune.

– Bergen kommune forpliktar seg til å følgje opp grøn strategi på ein slik måte at kommunen tar delen sin for å halde den globale oppvarminga under 1,5 grader, seier dei i fråsegna.

Les også om Framtida.no-undersøkinga som syner at det er store forskjellar i klimamåla til kommunane: Bergen er i front og vil kutta klimautsleppa med 100 prosent innan 2030.

Ei krise som hastar

Bystyrerepresentant Øystein Bønes (MDG) er fornøgd med erklæringa.

– Etter fleire månader med prat om bompengekrise er det godt å sjå at politikarane i Bergen er kloke nok til å vite kva for kriser som faktisk hastar, seier han.

– Arter døyr ut, brear smeltar, havet stig og blir surare, menneske blir drivne på flukt. Alt dette er menneskeskapt og kan løysast med politisk handling, legg MDG-politikaren til.

Frå før av har både Bodø kommune og Trøndelag fylke erklært klimakrise. Fleire andre kommunar og fylke skal ta stilling til spørsmålet denne månaden. Forslaget om at Noreg skal erklære klimakrise vil bli fremma for Stortinget i juni, ifølgje Bergen kommune.

Då Extinction Rebellion blokkerte inngangen til Klima- og miljødepartementet var ei klimakriseerklæring frå Stortinget eitt av krava– Ei slik erklæring vil gjere det lettare å forstå at dette krever tverrpolitisk innsats.

Kring 20 demonstrantar frå aksjonsgruppa Extinction Rebellion blokkerte inngongen til Klima- og miljødepartementet måndag 17. juni.