Embla (16): – Dei søv på klima. No må me stå opp og ta ansvar!
Hundrevis av unge i alderen 14-35 år sov ute framfor Stortinget for å vekkja politikarane og kreva klimahandling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det har vore kaldt og me har ikkje sove mange timar, men det går bra – og det er verdt det, seier Embla Ween Petersen (16), som er elev ved Foss vidaregåande skule.
Saman med venninnene Vilde Willeke (16), Maria Enger (16) og Mia Elise N. Johnsen (17) har ho aksjonert for å få politikarane til å lytta til ungdommens klimakrav.
Dei er medlemmar i Natur og Ungdom, men fortel at dette er fyrste gong dei verkeleg engasjerar seg.
Leik, song og klimadiskusjonar
Til saman har over 100 personar i alderen 14-35 år sove ute natt til fredag for å demonstrera mot det dei meiner er sovande politikarar på Stortinget.
– Det er mange eldre også som er med for å støtte engasjementet til barn og unge og for å sikra seg at dei vert høyrt. Det er veldig fint å sjå engasjementet på tvers av generasjonar, for det handlar om ei felles framtid, seier Sofie Nordvik, kampanjekoordinator i KFUK-KFUM Global.
Saman med Changemaker arrangerte dei overnattingsaksjonen med slagordet «Sov som Erna – stå opp for klima».
– Det er fantastisk at så mange tek saka slik på alvor at dei er villige til å sova ut i kulda, seier Nordvik.
Ho er særleg glad for at arrangementet er større enn organisasjonane og har trekt til seg folk som ikkje har vore engasjerte tidlegare.
Er du smartare enn ein sjuandeklassing? Prøv deg i Framtida.no sin naturfagskviss!
Studentar for endring
Ein stor delegasjon frå Universitetet på Ås tok toget til Oslo i går kveld for å aksjonera.
Lina Malene Larssen (19) og Ragnhild Kirkhus (21) studerer internasjonale miljø- og utviklingsstudier på NMBU ved Ås, medan Magnus Dybdahl (21) studerer til å verte lektor i realfag.
I dag skulle dei eigentleg skrive semesteroppgåve i kjønn og utvikling, hatt økonomi eller delteke i kollokviegruppe i fysikk. I staden for har dei brukt natta i soveposar i Spikersuppa og står no framfor Stortinget med heimesnikra parolar.
– Vi vil få fokus på at klimakrisa også er ei humanitær krise, seier Ragnhild.
21-åringen fortel at endå det kan vere vanskeleg å sjå følgjene av klimaendringar i Noreg i dag, så merkar mange i andre land dei på kroppen allereie. Titusenvis av folk flyktar heimane sine fordi eit endra klima gjer det umogeleg å bu der.
Det er også difor studentane streikar i dag:
– Det er viktig å få i gang aktivismen for vi er nøydde til å endre samfunnet. Vi vil opplyse om konsekvensane av klimaendring slik at folk endrar åtferda si og politikarane lyt følgje etter, seier Ragnhild.
Dei tre studentane meiner at endå Noreg har sett seg klimamål, så er dei ikkje tilstrekkelege og vi kan ikkje halde fram som i dag:
– Det må bli lettare å ta miljøvenlege val i kvardagen, avsluttar Magnus.