«Kvinnehelse finst ikkje i praksis»
Å ignorera kvinners helse er ikkje berre urettferdig, det er livsfarleg, skriv Aurora Eiken.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I dag lever me i ei verd som stadig utviklar seg, både teknologisk og medisinsk. Men trass i framsteg, står me overfor ei urovekkjande sanning: kvinners helse blir ofte nedprioritert og ignorert. Dette har livsfarlege konsekvensar, og det må gjerast noko med.
Visste du at symptom på hjerneslag og hjarteinfarkt ofte er annleis hos kvinner enn hos menn? Forsking viser at kvinner kan oppleva mindre «klassiske» symptom, som pustevanskar, kvalme eller smerter i rygg og kjeve ved hjarteinfarkt.
Likevel fokuserer diagnostikk og opplæring i stor grad på dei typiske teikna hos menn.
Kvinner risikerer å bli oversett, noko som kan føra til livstruande forseinkingar i behandling. I ei tid der hjerneslag og hjarteinfarkt rammar tusenvis kvart år, er det forferdeleg at kjønnsforskjellar ikkje blir tekne på alvor.
Det stoppar ikkje der. Sjølv i arbeidstryggleik blir kvinner utsett for risiko. Vernebriller og anna utstyr er ofte designa for menn, noko som fører til dårleg passform og redusert vern for kvinner.
Dette skaper farlege situasjonar som er fullstendig unødvendige.
Og når det gjeld menstruasjonsprodukt, er situasjonen like ufatteleg. Testmetodar med farga vatn gir urealistiske resultat og enkelte produkt inneheld til og med giftige metall som utgjer alvorlege helserisikoar. Kvinner fortener betre, tryggare og meir effektive produkt som varetek helsa deira.
Å ignorera kvinners helse er ikkje berre urettferdig, det er livsfarleg. Kvinner har like stor rett til effektiv medisinsk behandling, tilpassa utstyr og produkt som varetek velværet deira. Ingen skal mista livet eller helsa fordi systemet ikkje legg til rette for forskjellar. Kvinnehelse finst ikkje i praksis.