Kongen om skulestreiken: – Det er deira verd dei snakkar om
På statsbesøk i Chile uttrykker kongen sympati med elevane som streikar for klimaet, og anerkjenner behovet for grøn omstilling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kring 40 000 elevar tok til gatene førre fredag for å streike for klimaet, og kongen skjønar kvifor dei er frustrerte:
– Framtida for dei kjem uansett. Dei har hastverk med å få dette på plass, for det er deira verd dei snakkar om, ikkje vår, sa kong Harald ifølgje NTB.
Ein av dei største trugslane i verda
I desse dager er kongeparet er på statsbesøk i Chile, og kongen har diskutert klimautfordringa og behovet for grøn omstilling ved fleire høve.
I ei tale utanfor presidentpalasset i Santiago sa kongen, ifølgje NTB, at klimaendringane utan tvil er ein av dei største trugselane verda står ovanfor slik vi kjenner den.
Under ei tale på eit næringslivsarrangement i hovudstaden, vende kong Harald auget heimover, og sa at nedgangen i oljeindustrien har ført til at Noreg lyt tenke nytt og justere næringslivet i ei grønare retning.
Dette trur kongen vil opne nye næringslivsmogelegheiter og skape nye jobbar:
– Grøne behov får oss til å finne innovative løysingar, og banar veg for spanande mogelegheiter for kreative og framoverlente menn og kvinner. Eg er trygg på at skiftet til ein grøn økonomi vil gje oss betre helse, eit reinare miljø og ein sterkare økonomi.