Greta Thunbergs kamp blir dokumentar

Til neste år kjem dokumentarfilmen om den 16-årige klimaaktivisten Greta Thunberg.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 02.06.2019 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er svenske Expressen som bringar nyheita om dokumentarfilmplanane.

Bak prosjektet står B-Reel Films og dokumentarskaparen Nathan Grossman, som har følgt Thunberg sidan august i fjor.

For dei som ikkje klarar å vente så lenge kjem sjølvbiografien om familien Ernman-Thunberg, Scener ur hjärtat, ut i norsk utgåve på Cappelen Damm denne hausten.

– Vi forstod jo at ho hadde ei kraft

Greta Thunberg har sidan ho starta opp med skulestreik for klimaet fått internasjonal merksemd. Ho har snakka til EU-parlamentet, bedt politikarar få klimapanikk – og ho har treft nokon av Europas mektigaste leiarar.

– At det skulle bli som dette, hadde vi aldri drøymt om, men vi forstod jo at ho hadde ei kraft – så vi ville følgje henne, seier sjefen i B-Reel Films, Fredrik Heinig, til Expressen.

Filmen skal ifølgje planen få premiere neste år og vil bli tilgjengeleg for svenske tv-sjåarar på statskanalen SVT.

Tidlegare i år fekk Greta Thunberg Fritt Ord-prisen saman med Natur og Ungdom.

– Mi utfordring til norske politikarar er at vi må handle no, elles kan det bli for seint. Land som Sverige og Noreg har så store moglegheiter til å gå føre. Vi må ta ansvar, sa Thunberg då ho fekk prisen i 8. mai.

Les også om Game of Thrones-skodespelar Bella Ramsey som hyllar Greta Thunberg

Britiske Bella Ramsey (16) som har vorte verdskjent for si tolking av rollefiguren Lyanna Mormont i «Game of Thrones» støttar Greta Thunberg sin skulestreik for klimaet. Foto: HBO