Greta Thunberg fekk tysk tv- og filmpris

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me lev i ei underleg verd, der barn må ofre si eiga utdanning for å protestere mot øydelegginga av deira framtid, sa Greta Thunberg i takketalen.

Den svenske aktivisten tok tog til Berlin for å streika saman med tusenvis av tyske elevar som har blitt med i den 32 veker lange aksjonen #fridaysforfuture.

Les også: Til hausten kjem boka om Greta Thunberg

Dedikerte prisen til aktivistar

Laurdag var det klart for filmgallaen Det gylne kamera der Greta Thunberg mottok ein spesiell pris for sitt klimaengasjement.

Greta Thunberg delte talen via si eiga Facebook-side:

I salen satt mellom anna Hollywood-skodespelar Jessica Chastain og tidlegare Eurovision-vinnar Conchita Würst.

16-åringen dedikerte prisen til aktivistar verda over som kjempar for at fossilt brennstoff skal bli liggjande under jorda og spesielt aktivistane som okkuperer Hambach-skogen i Cologne i Tyskland for å stanse planane om ei ny open kolgruve.

– Me lever i ei underleg verd, der me trur me kan kjøpa eller byggja oss ut av krisa som har oppstått av å kjøpa og byggja ting, sa Thunberg vidare i talen.

Les også: Ambjørnsen, Bono og titusenvis av skuleelevar hyllar Greta Thunberg

Utfordra kjendisane

Vidare peika ho på det underlege i at ein fotballkamp eller filmgalla får meir mediemerksemd enn den største krisa menneskeheita nokon gong har stått ovanfor.

Thunberg snakka direkte til den kjendistunge salen og kritiserte film- og pop-stjerner for å ikkje ta tak i klimasaka fordi det påverkar moglegheitene deira til å fly verda rundt for å vitje sine favorittrestaurantar, strender og yoga retreats.

– Her er sanninga: Me kan ikkje gjere dette utan dykk i publikum i kveld. Folk ser på dykk kjendisar som gudar. De kan påverka milliardar av menneske. Me treng dykk.

Les også: Greta (15) under klimatoppmøtet: – Forandringa kjem, anten de likar det eller ikkje