Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har stor tru på at det nye namnet vil gi gode assosiasjonar hos kundar og samarbeidspartnarar, og vere eit dekkande og inkluderande namn for alle tilsette i instituttet vårt, seier konserndirektør i SINTEF Hanne Rønneberg i ei pressemelding.

SINTEF Byggforsk blei til då Norges byggforskingsinstitutt slo seg saman med forskingsinstituttet SINTEF i 2007. Det er eitt av i alt seks institutt som er del av SINTEF-konsernet.

sine nettsider skildrar konsernet namneendringa som eit resultat av utvidingar. Instituttet har fått inn 50 nye medarbeidarar frå SINTEF sine fagmiljø for samfunnsøkonomi og mobilitet.

Målet var å finne eit namn som speglar forankringa mot byggebransjen, og som samstundes «favner hele forskningsinnsatsen for det bebygde samfunn, der mennesker lever, ferdes og arbeider», heiter det i ei uttale frå konsernet.

Les også: Norsk Målungdom vil gje meir makt til Språkrådet

Namneendringa møter motstand

Det nye namnet SINTEF Community var eitt av forslaga som kom inn i ein intern namnekonkurranse. På Twitter er det fleire som stussar over namneendringa.

Morten Myksvoll, kommentator i Bergens Tidende, skriv dette om det nye namnet:


Også direktør i Språkrådet, Åse Wetås, melder seg på i Twitter-diskusjonen:

Føyer seg inn i ei lang rekke

Norsk Målungdom har tidlegare reagert på at Språkrådet ikkje vert lytta til i namnediskusjonar og meiner dei bør få meir makt. Påtroppande leiar Gunnhild Skjold uttala til Framtida.no tidlegare i år at:

– Vi er einige med Språkrådet i at namna på statlege organ bør følgje norsk rettskriving og språk.

Dette er den siste i ei lang rekke av namneendringar som får motbør i offentlegheita, der ein typisk går frå norsk til engelsk, eller frå forståeleg til «framtidsretta». Tidlegare dømer er Oslomet – Storbyuniversitetet, Vy og Bane NOR.

Kor vidt det nye namnet SINTEF Community oppfyller ambisjonen om å «speile forankringen til byggebransjen» har også fått folk til å stusse.

Somme går så langt som å implisere at det utgåtte namnet Byggforsk var betre på det punktet enn det nye.

Uansett: Namneendringa trer i kraft 20. mai.

Les også: Språkrådet ikkje imponert over NSBs nye namn