Språkrådet ber Isaksen avvise OsloMet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er i eit brev til statsråden at Wetås trekker fram to vesentlege innvendingar til namnet.

For det første trekker ho fram at namnet bryt skikken der statlege institusjonar får gode og informative namn i tråd med norsk rettskriving. For det andre meiner ho namnet ikkje er i stand til å forklare kva som er oppgåvene til institusjonen.

Innblandinga frå Språkrådet får rektor ved HiOA Curt Rice til å reagere.

– Språkrådet viser her manglande respekt for eit fleirtalsvedtak og demokratiske spelereglar, som får stå for deira rekning, seier han til magasinet Khrono.

LES OGSÅ: Namnetrend som verkar mot si hensikt?