Vy er det nye namnet på NSB og Nettbuss

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det nye namnet vart gjort kjent på ein pressekonferanse på Oslo Sentralstasjon tysdag formiddag.

Vy er eit skandinavisk ord som betyr utsyn, oversyn, utsikt eller bilde av. Du kan til dømes ha framtidsvyar, som betyr ambisjonar eller utsikter, opplyser NSB.

Kva synest du om Vy, det nye namnet til NSB?

Kva synest du om Vy, det nye namnet til NSB?

Heilt på skinner!41
Litt på sporet.17
Why? Må dei skifte?222
Veit ikkje.17
Svar totalt: 297

Gi reisande opplevingar

– Vy uttrykker at vi gir våre reisande opplevingar, bilde og utsikter. Vy er eit kort og enkelt namn som viser at vi er på veg inn i noko nytt. Vi har ein lang og stolt tradisjon som går heilt tilbake til 1883. Det bygger vi vidare på, seier konsernsjef Geir Isaksen.

– NSB-konsernet køyrer tog og buss i Noreg og Sverige og har Noregs største busselskap, Nettbuss. No koplar vi tog- og bussverksemda tettare saman, utviklar nye løysingar og gjer det endå enklare å velje ei miljøvennleg reise. Då treng vi ein ny, felles identitet. NSB er ikkje lenger eit dekkande namn på verksemda, seier styreleiar i NSB Dag Mejdell.

Språkrådet refsar statlege namneprosessar: – Namn som Bane NOR SF, Oslo Met og Norec skrik i øyra mine, seier direktør Åse Wetås.

Styreleiar Dag Mejdell og konsernsjef Geir Isaken i NSB framfor eit tog dekorert med den nye logoen. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Ikkje lenger statsbanar

– Selskapet er ikkje lenger Noregs Statsbaner. NSB er no eitt av fleire togselskap som konkurrerer om å køyre tog. Vi eig ikkje toga, skjenene, signalanlegga eller stasjonane, men jobbar kvar dag for å gi kundane våre ei god reise. Eit nytt namn skal styrke konkurransekrafta vår i både tog og buss, fortset styreleiaren.

Forslaget til nytt namn vil bli behandla på ekstraordinær generalforsamling i NSB AS 22. mars. Når nytt namn er vedtatt, vil kundane til NSB og Nettbuss gradvis sjå ein ny utsjånad på tog, bussar og bybilar, ei felles nettside for tog og buss, og nye uniformer.

Godstogselskapet CargoNet, som er ein del av NSB-konsernet, beheld merkevara si.

Til NRK opplyser styreleiar Mejdell at endringa kjem til å koste 280 millionar kroner over ein periode på fire år.

Han garanterer likevel at det ikkje vil føre til auka billettprisar.

Les også innlegget til nordfjording Yngve Flo: «Om namnet «Vestland» er ein siger for lokaldemokratiet, er det i alle høve ein siger med ein bitter bismak»