Utdanningsinstitusjonane lyt ta ansvar – studentane krev norsk fagspråk

Norsk studentorganisasjon krev at utdanningsinstitusjonane følgjer mållova.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det handlar om identitet og det å kjenne seg att i språket, men òg om fagleg meistring, seier Eigil Hole Lønning i Språknytt frå Språkrådet.

Lærarstudenten er fag- og forskingspolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon (NSO).

Organisasjonen meiner utdanningsinstitusjonane lyt brette opp erma og vise at dei tek ansvaret for å halde ved like og utvikle norsk fagspråk på alvor.

Engelsk i førarsetet

Ei kartleggjing utført av Språkrådet i fjor synte at utdanningsinstitusjonane stort sett let språkplanar og retningslinjer ligge ubrukte. Samstundes er mindre enn ti prosent av publikasjonane frå dei tre største universiteta i Noreg skrivne på norsk. Engelsk er også heilt dominerande på doktorgradsnivå, som rapporten «Språk i Noreg – kultur og infrastruktur» syner.

Språkrådet har til og med vore på turné rundt om i landet for å hjelpe utdanningsinstitusjonane handtere krysspresset som oppstår når dei både vil ta del i eit globalt forskingsfellesskap, samt utdanna studentar til den norske arbeidsmarknaden.

– Den spagaten er det vanskeleg å stå i, sa språkdirektør Åse Wetås til Nynorsk pressekontor tidlegare i år.

Les også: – Om vi skrur av språket, kva er att?

Ikkje legg ansvaret på studenten

Til Språknytt seier Eigil Hole Lønning at ansvaret for å lære seg fagspråket til no har ligge på studentane sjølve. Han oppmodar utdanningsinstitusjonane til å kome på bana. Dei må syte for norske lærebøker og oppdatert fagterminologi i termbasar, meiner Lønning.

Dette er i tråd med resolusjonen «Me vil ha norsk fagspråk!», som sentralstyret i NSO vedtok i september 2018. Der kjem det fram at Norsk studentorganisasjon ynskjer at:

  • Statlege utdanningsinstitusjonar skal rapportere om målbruken til Språkrådet og ha konkrete tiltak for å oppfylle krava i mållova.
  • Statsråden må sende tydelege signal til institusjonane om at dei må følgje lovar og reglar.
  • Faggrupper må kunne søkje støtte til å bidra til Språkrådet sin termwiki – særleg på nye område, og på begge dei norske skriftspråka.
  • Leiarar ved institusjonane må oppmode dei vitskapleg tilsette til å halde ved like og utvikle norsk fagspråk.
  • Det bør opprettast eit nasjonalt senter for norsk som språk og fagspråk.

Tok saka i eigne hender

Ved NTNU har ei rekkje studentar teke fagterminologien i eigne hender.

– Som student var eg irritert over dårlege og manglande omsetjingar av fagtermar i undervisinga. Det vart verre og verre i studieforløpet, særleg på masternivå. Ofte opplevde vi at faglærarar ikkje kjende til norsk terminologi i fagstoffet det vart undervist i, seier Johanne Haugland til Språknytt.

No er ho doktorgradsstipendiat i matematikk ved universitetet, men då ho var masterstudent gjekk ho saman med fleire medstudentar og laga ei omfattande termliste for matematikk. Fleire tusen termar på engelsk, bokmål og nynorsk.

Fagmiljøet tok godt i mot faglista, og no bidreg fagfolk også frå Universitetet i Agder og Universitetet i Oslo med vidareutvikling.

Haugland meiner det er tid for ei overordna, og stabil støtteordning for faggrupper som ynskjer å gjere det same – å utvikle fleirspråklege termlister.

Les også intervjuet med Kaia (14) som lyt ha tolk for å forstå læraren: – Det følast ganske einsamt eigentleg.

14 år gamle Kaia Borrebæk er fullstendig døv og må somme tider ha tolk i timen, trass i at ho går på skule for hørselshemma.