Kaia (14) måtte ha tolk for å forstå læraren

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 28.01.2021 14:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det følest ganske einsamt eigentleg. Dei pratar mykje og eg oppfattar ikkje så mykje kva dei seier, så det er litt einsamt, seier Kaia Borrebæk via tolken om korleis det opplevast å vere med høyrande.

14-åringen er fødd heilt utan hørsel, difor var foreldra hennar aldri i tvil om at ho skulle gå på ein spesialskule tilpassa hennar behov.

Ho har nettopp delteke på Språkdagen 2019 der ho har stått framfor ein fullsett sal i Oslo konserthus og fortalt om sin skulekvardag.

Les også: Regjeringa ønskjer innspel til ny språkmelding

Ein av få skular for hørselshemma

Vetland skole og ressurssenter for hørselshemmede er den einaste kommunale grunnskulen igjen som er spesielt tilpassa teiknspråklege elevar.

Mange hørselshemma har god effekt av hjelpemiddel som høyreapparat og implantat, men sidan Kaia er fullstendig døv er ho blant dei få som ikkje har effekt av dette. Kaia går på ein av få skular som er tilpassa hennar behov, men det er likevel ikkje sjølvsagt at alle lærarane forstår kva ho seier.

Det er mangel på lærarar som kan teiknspråk, noko som gjer at Kaia ikkje kan kommunisera direkte med alle lærarane sine og i haust måtte ho difor ha tolk i timane.

Dette fungerte så dårleg at skulen slutta med ordninga, men framleis slit Kaia med å forstå læraren.

Norsk teiknspråk er språket som Kaia Borrebæk brukar når ho skal snakke med folk, utan tolk går kommunikasjonen lettare.

Forseinka kommunikasjon

– Viss læraren brukar teikn med orda så er det lettare å forstå, forklarar Kaia, som går i niandeklasse.

Når ho var avhengig av tolk i klasserommet vart ho hengjande etter dei andre elevane, noko som var frustrerande.

Rektor ved Vetland skole, Toini Rysstad, forklarte til Dagsavisen i fjor at dei har problem med å få tak i vikarar med den riktige kompetansen.

– Difor har me i haust, for første gang, ei midlertidig løysing med ein teiknspråktolk i undervisninga på eitt trinn, forklarte Rysstad.

Må utdanna fleire lærarar

I dag krevst det berre 30 eller 60 studiepoeng i teiknspråk for å undervise i dette, noko Norges døveforbund har reagert på.

Stortingsmeldinga Mål og meining slår fast at alle skal ha rett til å utvikle og bruke sitt eige morsmål eller førstespråk. Dette gjeld òg teiknspråk.

– Det er ikkje nok kompetanse, difor må ein gje meir pengar til å utdanna fleire lærarar, understrekar Hilde Holtsmark, mor til Kaia.