Høgskular og universitet får språkrefs

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kartlegginga som Språkrådet har gjort viser at det berre unntaksvis er etablert tiltak og aktivitetar for å setja i verk retningslinjene. Dei språkpolitiske retningslinjene er i liten grad også integrert i den overordna strategien til institusjonane, seier direktør Åse Wetås i Språkrådet til nettavisa Khrono.

Språkdirektøren er til dømes lite glad for at Universitetet i Stavanger nyleg valde å halda opningsseremonien sin for nye studentar på engelsk.

– Dette formidlar dårleg språkleg sjølvtillit og sender eit uheldig signal til dei nye studentane, seier ho.

Les også: Slår alarm for norsk språk

Mest ris, men litt ros

NTNU må på si side tola refs frå språkdirektøren for ikkje å ha fornya dei språkpolitiske retningslinjene sine på snart ti år

Høgskulen på Vestlandet og Nord universitet merkjer seg ut positivt og får skryt for å følgja opp og bruka dei språklege retningslinjene aktivt.

Tidlegare har mange høgskular og universitet mangla språklege retningslinjer, men ifylgje undersøkinga til Språkrådet har 70 prosent av universiteta og høgskulane no fått slike reglar. Det er 25 prosent fleire enn for fire år sidan. Dei mange fusjonane i høgskulesektoren blir sagt å vera den viktigaste forklaringa på at fleire har fått språklege retningslinjer.

Les også: Slik blir språkpolitikken til den nye regjeringa