Språkrådet vil hindra språkspagat i akademia

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 21.01.2019 08:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den språklege balansegangen mellom norsk og engelsk i akademia står sentralt når Språkrådet i februar og mars inviterer til frukostseminar ved universitet og høgskular i fleire norske byar.

– Me ser at universiteta og høgskulane arbeider under eit slags krysspress der dei på den eine sida skal internasjonalisera og vera ein del av den store globale forskings- og utdanningsteigen – og på den andre sida ha ansvar for å utdanna studentar til den norske arbeidsmarknaden og for å formidla fagkunnskap tilbake til det norske samfunnet. Den spagaten er det vanskeleg å stå i, seier Wetås til Nynorsk pressekontor om bakgrunnen for møta.

Les også: Språkrådet fryktar for norsk som fagspråk

Etterlyser større medvit

Ifylgje Wetås har universiteta og høgskulane gode språklege retningslinjer, men dei er ikkje så flinke til å omsetja desse i praksis.

– Det er det me vil setja fingeren på, utdjupar ho.

Språkdirektøren meiner det i dag er altfor tilfeldig kva som skal vera undervisningsspråket på dei enkelte studia kva språk ulike artiklar og avhandlingar bør publiserast på og korleis språket i akademia skal brukast på andre område. Ho seier at Språkrådet ønskjer å hjelpa universitet og høgskular til å ta meir systematiske val som støttar opp under den norske språkpolitikken og om det lovpålagde ansvaret desse institusjonane har for å utvikla eit godt norsk fagspråk.

Wetås håpar møta skal føra til at institusjonane revitaliser dei språkpolitiske retningslinjene sine, og at språkpolitikk og språkval blir sett meir på dagsorden. Etter møta ventar språkdirektøren også at utdanningsinstitusjonane lagar eit system for korleis dei skal oppnå gode resultat på området.

Les også: Få med master eller doktorgrad skriv nynorsk

Rettleiar skal visa veg

Språkdirektøren strekar samtidig under at Språkrådet ikkje berre kjem med pålegg, men også med hjelp. Ein eigen rettleiar skal hjelpa folk i høgare utdanning å stilla dei rette spørsmåla, visa den gode praksisen og koma med tips og råd til korleis dei kan gjera gode og kloke språkval.

– Det er også viktig å seia at me ikkje er ute etter å fortelja høgare utdanningsinstitusjonar at dei alltid skal bruka norsk, og aldri bruka engelsk, strekar Wetås under.

Ho er klar på at det nokre gonger er nødvendig å bruka andre språk enn norsk. Som ein konsekvens av at engelsk ofte er førstevalet for publisering av forskingsartiklar, meiner ho likevel engelsk fort kan bli det føretrekte språket i alle delar av arbeidet i høgare utdanning sjølv om ein ikkje vil det,

Les også også om språksituasjonen i Nederland: – Det viktigaste er at folk skriv limburgisk

– Urovekkjande utvikling

Språkdirektøren synest den språklege utviklinga ved norske universitet og høgskular er urovekkjande av fleire grunnar. Ho reagerer mellom anna på at det ikkje blir gjort noko for å premiera formidling, mens det å driva med forsking og utdanning kan utløysa ekstra pengar til institusjonane og gje høgare status for forskarane.

– I praksis fører det til at formidling kjem i bakleksa og ikkje blir prioritert så høgt som det burde, seier Wetås.

Les også: Professor fryktar nynorsk kan bli borte som rettsspråk

– Eit alvorleg samfunnsproblem

Dersom ikkje forskarane kan formidla kunnskapen sin på eit språk folk forstår, fryktar språkdirektøren det kan føra til alvorlege samfunnsproblem, og at forskarane isolerer seg frå folk flest.

– Eg meiner tilliten til forskingsresultata er avhengig av at institusjonane gjer sitt for å syta for god kontakt med samfunnet elles, seier Wetås.

Ho strekar under at det trengst oppdatert kjennskap til det som skjer i forskinga for å ha ein kunnskapsbasert debatt på alle samfunnsområde. Samtidig uroar det henne at mange ser ut til å ha ein aukande mistillit til forsking og hevdar det eine er like godt som det andre.

– Ein viktig medisin mot det er at forskingsmiljøa driv aktivt formidlingsarbeid og formidlar forskinga si tilbake til samfunnet. Då treng ein det gode lokale fagspråket som er bindeleddet mellom forskarar og forvaltninga, politikarane, avgjerdstakarane og folk flest.

På dei komande seminara med universitet og høgskulane ønskjer Språkrådet å hjelpa utdanningsinstitusjonane til å handtera balansen mellom internasjonalisering og behova til det norske samfunnet.

Les også: Skal fornye ordbøkene: No kan gutane også vere gutegalne