Insekt-død gir uante ringverknader 

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skjebnen til insekta fekk auka merksemd då ein ny, illevarslande forskingsstudie vart lansert for eit par veker sidan. Konklusjonen var at ein stor del av insektartene i verda er i rask tilbakegang og på sikt trua av utrydding.

Fortset utviklinga, blir konsekvensane katastrofale både for økosystema til planeten og overlevinga for menneska åtvara hovudforfattar Francisco Sánchez-Bayo.

Anne Sverdrup-Thygeson er professor i bevaringsbiologi på Institutt for Naturforvaltning ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Foto: NMBU

Professor og insektforskar Anne Sverdrup-Thygeson er einig i at situasjonen er urovekkjande. Samtidig peikar ho på at det nærast er umogleg å få oversikt over alle konsekvensane viss mesteparten av insekta forsvinn.

– Det vil vere eit ras av effektar i heile systemet, seier ho til NTB.

Viktige brikker

«Systemet» er i denne samanhengen alt som lever på landjorda på kloden vår.

I dette nettverket speler insekt og andre smådyr ei avgjerande rolle, ikkje minst som mat for større dyr, fisk og fuglar. Insekta er eitt av dei minste, avgjerande ledda i svært mange økosystem.

Den enorme mengda insekt gjer det lettare å synleggjere betydinga. Det blir anslått at fuglane i verda kvart år et insekt som til saman ville vege like mykje som menneska i heile verda.

– Vi kjenner til og har beskrive rundt 1 million arter insekt. Men det reelle talet er mange gonger høgare, seier Sverdrup-Thygeson.

Les også om Nicolai Hagelien og Ludvig Becker som satsar på unik mat: – Heilt naturleg å ete insektprodukt

Avgrensa kunnskap

Å følgje med på utviklinga er vanskeleg både fordi insekta er så mange og fordi dei er små. I tillegg har forskinga på området hatt avgrensa ressursar.

Studien som nærast åtvara om insekt-apokalypse, var derfor basert på undersøkingar i ein avgrensa del av verda. Dei fleste er gjorde i Europa og Nord-Amerika, og sjølv her er det få studiar der insektbestandar er følgde over lang tid.

Sverdrup-Thygeson understrekar likevel at dei avgrensa dataa ein har, stort sett peikar i same retning: Kraftig tilbakegang og mange arter som blir trua av utrydding.

Situasjonen er den same for mange typar større dyr og planter der vi har betre oversikt. Tap av leveområde er den viktigaste årsaka, og i tillegg blir mange naturområde ramma av forureining, klimaendringane og bruken av sprøytemiddel.

Les også: Insektekspert åtvarar mot robotgrasklipparar

Matvekstar

Sjølv om uvissa er stor, er det mogleg å seie ein del om kva som kan skje viss utviklinga fortset og ein stor del av insekta forsvinn.

I tillegg til at svært mange større insektetande dyr og fuglar vil døy ut, vil mange planter bli borte.

Ei stor mengde viktige matvekstar vil vere utsette. Svært mange typar frukt- og bærplanter og ein del grønsaker er avhengige av pollinerande insekt for å formeire seg.

Plantene som dekker mesteparten av matbehovet til menneska, er likevel ikkje like avhengige av insekta. Mais, ris, kveite og andre typar korn klarer å danne frø «på eiga hand» eller med hjelp av vinden.

Ny jord

Men insekta har også ein annan, avgjerande funksjon. Saman med andre smådyr, sopp og mikroorganismar bryt dei ned organisk material slik at næringsstoffa kjem tilbake til jorda. Slik blir det danna ny matjord som gjer det mogleg å dyrke mat.

Hadde vi berre hatt mikroorganismar, og ingen insekt, ville døde dyr og planter over heile planeten vorte liggande og «gjære» utan å gå skikkeleg i oppløysing. Dyremøk ville gradvis hopa seg opp.

Sverdrup-Thygeson trur ikkje det er reell fare for at insekta i heile verda blir borte. Men konsekvensane kan bli enorme sjølv om dei mest tilpassingsdyktige overlever.

– Det vil vere som å fjerne delar av grunnmuren i huset vi bur i, åtvarar professoren.

Insekt-drit fargar Taj Mahal grønt