«Ungdommane som streikar (og alle andre) må faktisk leggje om livsstilen sin»

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I det siste har det vore mykje fokus på ungdommane som streikar for klimaet.

Fredag 22. mars streika over 40 000 ungdommar over heile landet som ein protest mot at politikarane ikkje tek ansvar.

På grunn av dette har dei fått mange kommentarar frå vaksne.

Ein av desse kom den 16. mars, då FrP-politikar Karianne Hansen skreiv eit innlegg på Facebook der ho ironiserte over dei norske ungdommane som streikar for klimaet. Dette skapte stor debatt i sosiale medium, og mange meinte at ho oppførte seg arrogant og respektlaust.

Sjå bilete av plakatane frå skulestreiken her!

Ironisk poeng

Det er ikkje greitt å harselere med desse ungdommane fordi dei ikkje ønsker ei verd der ein ikkje har reint drikkevatn eller rein luft, og det er svært bra at dei engasjerer seg og tek klimaproblemet på alvor.

Men sjølv om innlegget til FrP-politikaren var meint som ironi, er svært mykje av det som står i det, sant. Men innhaldet i innlegget har forsvunne frå debatten om innlegget hennar.

Det er oss, folket, som må ta ansvar viss me vil redde klimaet

Dei streikande ungdommane krev at politikarane må ta ansvar for å redde planeten, og at dei må fatte vedtak sånn at dette blir gjort.

Men politikarane har ikkje ansvar for å redusere utsleppa åleine. Det er oss, folket, som må ta ansvar viss me vil redde klimaet.

Les også: FpU-motto: «Vil du redde kloden, ver på skolen»

Endra levesett

Dette innlegget er likevel retta mot ungdommane som streikar, sjølv om alle har eit ansvar for å redde planeten og gjere tiltaka som blir nemnde.

Det er måten ein lever på i dag, som bidreg til forureininga

Det er faktisk sånn at dei som streikar, må gjere det Hansen skriv i Facebook-innlegget sitt viss dei vil kutte klimautsleppa.

Det er måten ein lever på i dag, som bidreg til forureininga, ikkje at politikarane ikkje gjer vedtak. Nokre av dei største utsleppspostane i verda i dag er produksjon av varer, flytrafikk og frakting av varer til andre land (med båt).

Viss ein skal redusere utsleppa, er det her ein må kutte. Og det må ein gjere sjølv, for politikarane kan ikkje tvinge ein til å gjere det. Men dei aller fleste ungdommane som protesterer, er kanskje ikkje viljuge til å gjere desse tiltaka, fordi det krev for mykje av dei.

Les også: Forbrukarar er villige til å bli pålagde tøffare krav i klimakampen, viser ny studie

Tog framfor fly?

Blant anna må både ungdom og vaksne slutte å fly, sidan dette er ein ekstremt stor CO2-utsleppspost.

Då må ein ta tog, køyre bil eller bruke annan kollektivtransport for å komme seg der dei vil. Men dette er mest sannsynleg ikkje aktuelt, for det tek for lang tid.

Dette såg ein blant anna i tilfellet med Greta Thunberg, den 16 år gamle klimaaktivisten, som tok tog frå heimen hennar i Stockholm til Davos, der ho heldt tale for statsleiarane.

Ho brukte 32 timar på togreisa.

Viss ho hadde flydd, hadde ho brukt rundt to timar på den same reisa. Så mange timar er ungdom nok ikkje viljuge til å ofre for å komme seg der dei skal. Dermed er fly det beste alternativet, som dei aller, aller fleste nyttar seg av.

Les også om rørsla der meir enn 20.000 svenskar har gått saman om eit felles nyttårsforsett – å ikkje fly i 2019!

Ikkje meir «Made in China»

I tillegg må desse ungdommane slutte å kjøpe så mange ting, til dømes klede, mobilar og sko.

Dei aller fleste av dei har på seg klede og sko der det står «Made in China» på merkelappen. Mobilen dei ser ned i kvar dag, er òg mest sannsynleg laga i dette landet, eller nærliggjande land som Bangladesh og Kambodsja.

Denne blir kanskje, som Hansen seier, bytta ut kvart eller annakvart år. Kleda dei har på seg, er berre nokre få av svært mange plagg som ligg i klesskapa deira, og dette er kanskje så fullstappa med klede at dei ikkje klarer å bruke alle.

Vareproduksjonen fører til svært store CO2-utslepp

Likevel går ein ut for å kjøpe nye klede og sko fordi «ein har lyst på det».

Vareproduksjonen fører til svært store CO2-utslepp. I tillegg skal kleda fraktast frå Kina til Noreg, og denne frakta skjer gjennom skipstrafikk.

Ifølgje dokumentaren Giftig skipsfart står skipstrafikken for 4 % av utsleppa i verda. Skipa seglar døgnet rundt, og utsleppa av CO2 er enorme.

Viss ungdommane vil redusere forureininga, må dei difor kjøpe klede, sko og mobilar som er produserte i Europa. Men desse er svært dyre, og svært vanskelege å få tak i, så det er mest sannsynleg ikkje aktuelt.

Statsleiarane kan ikkje vedta eit forbod mot flytrafikk og varetransport frå Kina

Forbrukaransvar

Det er altså ungdommane (og resten av folket) som må gjere desse tiltaka viss dei vil redde klimaet.

Statsleiarane kan ikkje vedta eit forbod mot flytrafikk og varetransport frå Kina til Noreg og andre europeiske land, for ingen hadde akseptert det, og dei hadde aldri blitt gjenvald.

Dei hadde blitt så upopulære at ein ikkje eingong kan førestille seg det, og etter veker og månadar med enorme demonstrasjonar måtte dei ha reversert vedtaka.

Dei kan sjølvsagt gjere vedtak som å forby bilar som går på fossile brennstoff, men dette er ikkje tiltak som får bukt med dei store klimautfordringane og -syndarane.

Les også: CO2-svampar skal gjere klimagass til drivstoff

Livsstilsendring

Det er altså ikkje berre politikarane som må jobbe for å stoppe klimaendringane. Folket speler ei større rolle enn dei i denne oppgåva.

Sjølv om politikarane kan gjere enkelte tiltak, vil ikkje det redde planeten.

Ungdommane som streikar (og alle andre) må faktisk leggje om livsstilen sin viss dei ikkje ønskjer ei verd med forureina hav og øydelagde økosystem.

Men så mykje er ein mest sannsynleg ikkje viljug til å ofre.

Og viss ein ikkje er viljug til å ofre noko for å redde klimaet, har ein ikkje noko i ein klimastreik å gjere.

Les om Embla (16) og venninnene som sov utfor Stortinget: – Dei søv på klima. No må me stå opp og ta ansvar!