Morgonfuglane rår


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Her om dagen var eg på eit foredrag. Mannen som heldt foredraget snakka om korleis han fekk den jobben han no hadde, og gav i den samanheng eit tips til publikum: Ver tidleg på jobb. Det blir sett på som positivt. «Visste de at A-menneske er gjennomsnittleg meir suksessrike enn B-menneske?» la han til.

Eg skal ikkje seie at eg ikkje følte ein slags irritasjon der og då, fordi eg sjølv er eit B-menneske. Eg har alltid fått dei beste ideane etter leggetid og har gjerne vore mest produktiv nattestid. Det har sjølvsagt forstyrra søvnen. Men om eg skulle ha lagt meg klokka 22.00, hadde eg kanskje aldri fått ideane i det heile tatt.

Du kan venje deg til te, men du vil likevel aldri verdsetje det meir enn kaffi.

Det eg trudde var ein tenåringsfase tok aldri slutt. Så kanskje det berre er slik eg er. Å skulle stå opp grytidleg etter ein tidleg kveld er like naturstridig for meg som det er for deg å drikke te når du mykje heller vil ha kaffi. Du kan venje deg til te, men du vil likevel aldri verdsetje det meir enn kaffi.

Jogga før sju

Innimellom kan du lese portrettintervju med kjende og halvkjende personar. I Bergens Tidende har dei slike portrett i slutten av avisa, med ein liten boks som skildrar dagen til vedkommande. Nesten utan unntak fortel personen at hen står opp fem eller seks om morgonen, og har gjerne tatt seg ein joggetur før klokka sju også. Wow, tenkjer eg, før eg innser at det umogleg kan vere heilt sant.

Kvifor handlar det om å ha gjort halvparten av det du skal, tidlegast mogleg?

Alle likar vel å sove lenge. Men få vedgår at dei gjer det. Du er lat og «dreg deg» om du søv til lenger enn ni på ein fridag. Sjølv om søvn er noko av det viktigaste mennesket treng. Og det er vel ingen som likar å stå opp når dei er trøtte? Så kvifor skryte av at du står opp fem (midt på natta) og joggar før jobb? Kvifor er det status å stå opp tidleg? Kvifor handlar det om å ha gjort halvparten av det du skal, tidlegast mogleg?

B-menneske blir typisk framstilt som late arbeidarar. Men dei har berre ei anna klokke enn A-menneske. Foto: Flickr/CC-lisens.

Alle er ikkje bønder

Nettet er fullt av tips til korleis bli ein morgonfugl. Morgonfuglane rår i samfunnet. Det heng sikkert att frå den gongen hanen vekte alle på garden og bonden måtte setje i gong arbeidet på jordene. Men dei fleste av oss jobbar ikkje med jorda. Vi jobbar med papir og datamaskinar, og mange jobbar avheng ikkje av å bli gjort tidlegast mogleg.

Men kva har dei gjort? Jo, dei har lese avisa, vore på Facebook, spelt Candycrush.

Tvert om har vi eit system der folk må ta seg fri frå jobb for å gå til legen og tannlegen, fordi desse også stengjer tidleg. Frisøren er jo meir tilgjengeleg enn legen og tannlegen, med mykje lengre opningstider.

Lågstatusarbeidarar må jobbe tidleg og seint, medan høgstatusarbeidarar byrjar tidleg og sluttar tidleg. Grovt sagt.

Ja til fleksibilitet

Dersom eg offisielt byrjar på jobb klokka ni, så har eg alltid forsøkt å vere der halv. Nokon gongar har eg vore der ni. Då har kanskje nokon andre vore der sidan halv åtte-åtte. Men kva har dei gjort? Jo, dei har lese avisa, vore på Facebook, spelt Candycrush. Det er berre eit slags spel for å auke statusen sin på jobb. «Sjå på meg, eg er motivert for å byrje arbeidet», lyser det av dei. At eg ofte sat igjen på jobb til 18 og seinare la ikkje mange merke til, då hadde jo alle skunda seg heim.

Kvifor kan vi ikkje ha eit fleksibelt samfunn og ein arbeidsmarknad som er tilpassa alle?

Så viss det er sånn at vi er A-menneske og B-menneske av natur, kvifor skal vi berre ha eitt ideal? Kvifor kan vi ikkje ha eit fleksibelt samfunn og ein arbeidsmarknad som er tilpassa alle? Ja til nattopne barnehagar (nokre jobbar trengst faktisk heile døgnet) og ja til nattopne kioskar og treningssentre. Ja til fleksitid og heimekontor.

Om du likar å stå opp tidleg og å leggje deg tidleg, fint for deg. Men alle er ikkje slik. Så når foredragshaldaren seier at A-menneske er meir suksessrike enn B-menneske, så kan eg ikkje la vere å tenkje at det er fordi A-mennesket er løna for å vere slik. Ikkje fordi A-mennesket gjer meir, eller har fortent meir suksess.