Henriette Hundhammer er fast bestemt på å bli yrkessjåfør. Draumen er å farte land og strand rundt i ein diger Scania.
Torleif Heggebø, Grannar
Torleif Heggebø, Grannar

Saka er henta med velvilje frå Grannar.

Ølensjenta Henriette Hundhammer klatrar raskt opp i Hustvedt & Skeie sitt vogntog som står parkert ved Fatland i Ølen. Sjåfør Benno har lete henne setje seg bak rattet på draumebilen – sjølvsagt ein diger Scania.

– Eg er fast bestemt på å bli yrkessjåfør og skal enten køyre tippbil eller langtransport når eg blir ferdig med utdanninga. Den draumen har eg hatt dei siste par åra, og lysta til å køyre store bilar har ikkje vorte mindre etter at eg tok «lappen» for personbil på 18-årsdagen min, den 18. desember i 2018, sprudlar den framtidige yrkessjåføren.

Tre dagar etter at «lappen» var i boks kjøpte ho seg ein BMW, sjølv om ho også på personbilmarknaden kunne tenkt seg noko som hadde med Scania å gjere.

– Aller helst skulle eg hatt ein Saab, kan du skjøne. Det er det som er Scania blant personbilar, men så vart det ein BMW i staden, smiler Henriette og røper at det har blitt nokre kilometer etter vegane på Haugalandet i løpet av den første månaden som sjåfør.

– Innvendig har eg dekorert bilen med Scania-effektar av ymse slag, fortel ho og dreg fram Scania sin årskalender for 2019.

– Den skal få plass bak i bilen, ler ho.

Har starta utdanningsløpet

Med sertifikatet for personbil på plass og innkjøp av bil har ho sett nøkkelen i tenninga og starta vegen fram mot draumen om å kunna setja seg bak rattet som ferdig utdanna yrkessjåfør. Går alt som ho vonar, kan ho vera på vegen om knappe tre år.

– For tida går eg på VG1, Service og Samferdsle, på Haugaland vidaregåande skule i Haugesund, og planen er å gå vidare på VG2, Transport og Logistikk frå hausten av. Eg har søkt både i Haugesund og i Sauda. Uansett kor det blir, så vonar eg iallfall å ende opp i Sauda på Yrkessjåførlina etter VG2, fortel 18-åringen, som har nærkontakt med yrkessjåførar frå inn- og utland kvar fredag når ho er på utplassering hos Shell på Aksdal.

På stasjonen er det innreia eit eige pauserom for yrkessjåførane der dei kan få seg ein pust i bakken, ein kopp kaffi og noko å bite i. Eit skilt på døra med teksten «Truckers only» fortel kva karar – ja, sjølvsagt nokre tøffe jenter òg – som har tilgang til dette rommet. Henriette likar seg der.

Les også: Lokkar elevane til yrkesfag med Lego-robot, VR-briller og klikk-app

Har det i blodet

Kva som har fått henne til å drøyme om å bli yrkessjåfør veit ho ikkje heilt sikkert, men ho innrømmer å ha sansen for store bilar, og då særleg Scania. Dessutan har ho sjåførblod i årane.

– Far min, Even, var trailersjåfør, seier ho og tenker seg om.

– Eg hugsar han ikkje så godt, for eg var berre knapt fem år då han omkom i ei utforkøyring med traileren sin. Likevel minnest eg vagt noko som eg trur kan ha vore ein køyretur me hadde saman. Eg er ikkje sikker på om det er ein draum eg har, eller om det verkeleg skjedde, men eg ser for meg pappa og meg i førarhuset på ein stor bil under ein av dei mange turane han hadde over fjellet. Det var ein fin tur, ser eg for meg.

Henriette innrømmer at ikkje alle i familien er like entusiastiske for at ho vil gå i Even sine fotspor, men understrekar at dette er hennar eige val.

Tre dagar etter oppkøyring på 18-årsdagen sin kjøpte Henriette sin første bil – ein BMW. Innsida er pynta med Scania-effektar, og sjølvsagt to store terningar i frontruta.

Les også om 20 år gamle Aurora Eide som meiner Arktis er verdas beste klasserom.

Heim til helga

– Eg drøymer om å kunne legge ut på lange turar bak rattet i ein Scania, gjerne utanlands òg, men eg må heim til helga. Helgene vil eg ha heime, saman med typen min, smiler ho lurt.

Ho deler interessa for tyngre køyretøy med kjærasten. Han køyrer hjullastar for Risa, og for alt ho veit, så kan det bli det ho også kjem til å ende opp med.

– Det blir enten langtransport land og strand rundt, eller så blir eg maskinførar, seier ho bestemt.

Å vere bestemt, sjølvstendig og ikkje nølande, er eigenskapar ho sjølv meiner å ha, og som ho trur er nyttig i eit arbeid som yrkessjåfør.

– Som yrkessjåfør må du vera ansvarsbevisst og nøyaktig, ha gode samarbeidsevner, vere serviceinnstilt og kunne planlegge din eigen arbeidsdag. Du må ha sosiale eigenskapar og vere flink til å kommunisere med andre, heiter det i lærebøkene til yrkessjåførutdanninga.

Henriette passar godt inn i biletet som blir skissert av dei personlege eigenskapane til ein god yrkessjåfør.

Les også: I denne klassa er det 20 forskjellige nasjonalitetar

Oppdatert: måndag 18. februar 2019 08.25

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE