Berre halvparten av elevane på vidaregåande brukar rådgjevartenesta

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er dei ikkje åleine om. I Studiebarometeret for 2018 svarar 78 prosent av studentane at dei hadde tilgong på rettleiing på vidaregåande, men berre 44 prosent nytta seg av det.

Meir enn 30 prosent av studentane som hadde tilgong på rådgjeving på vidaregåande nytta seg ikkje av tilbodet. Foto: Skjermdump frå Studiebarometeret 2018

Vel fellesinformasjon framfor individuell rettleiing

Rapporten seier ingenting om kvifor elvane ikkje brukte rådgjevarane på skulen, men Songedal og Moen trur mange gløymer at all fellesinformasjonen også er ei form for rettleiing.

– Eg trur mange tek fellesinformasjonen for gitt, men eigentleg får ein mykje ut av det, seier Songedal.

For å gjere elvane på Arendal vidaregåande betre rusta til å ta eit godt og riktig utdanningsval, vert det arrangert obligatoriske fellessamlingar, fagdagar, stands og føredrag frå ulike utdanningsinstutisjonar som BI og Forsvaret. På plattformen Fronter legg rådgjevarane ut alt av informasjon, og følger ein med der får ein mange tips.

– Eg trur mange føler det er nok med alt det me får felles, seier Marie:

– Å gå til ein rådgjevar når du veit kva du vil er berre «waste of time».

Les også om Birge Nagel-Alne som vil bli proff basketballspelar: – Tenk gjennom kva som interesserer deg, før du vel kva du skal etter ungdomsskulen

Ønsker seg meir kompetanse på utanlanske studium

Arendal vidaregåande skule husar 1000 elevar og 4 rådgjevarar. Foto: Ida Johanne Aadland

Jamt over er jentene begge nøgde med tilboda dei har på skulen, men Moen som vil studere berekraft og miljø skulle ønske rådgjevarane visste litt meir om utdanning også utanfor dei norske landegrensene.

I staden for å bruke dei fire rådgjevarane på skulen har Moen brukt internett for å søke seg fram til skular ho kunne tenke seg å gå på i Danmark, Tyskland og Nederland.

– Ein kan google seg fram til det meste, seier ho.

Songedal trivst så godt med faget rettsvitskap på vidaregåande at ho tykte det var naturleg å velje rettsvitskap vidare i studieløpet også. Ho er heldig og har ein av rådgjevarane som lærar, men trur fleire kunne hatt godt av å bruke tilboda skulen har.

– Eg kjenner mange som er usikre, så det er sikkert mange fleire som skulle ha brukt rådgjevarane, seier Songedal.

Av dei studentane som valde å bruke rettleiinga på vidaregåande, meiner under halvparten at den påverka studievalet deira noko særleg. Foto: Skjermdump frå Studiebarometeret 2018

Tusen elevar og fire rådgjevarar

Trøkket på rådgjevarkontoret på Arendal Vidaregåande er størst etter at Samordna opptak opnar søknadsportalen 1. februar.

– Me har tusen elevar, og med dei ressursane me har er det umogleg å følgje opp alle, seier Hege Fjelldal, ein av dei fire rådgjevarane ved skulen.

– Kvifor er det så få som nyttar seg av rettleiingstilbodet, trur de?

– Mitt inntrykk er at dei ikkje spør oss om dei allereie veit kva dei skal studere. Og mange av dei som er usikre tek eit jobbår, reiser i Forsvaret eller på folkehøgskule før dei bestemmer seg, seier Fjelldal.

Foreldre og venner kan også vere viktig samtalepartarar før eit utdanningsval.

– Eg har ein følelese av at mange sparrar mykje meir med foreldra no enn før, seier Merete Blåka.

Tre av dei fire rådgjevarane ved Arendal vgs. Frå venstre Camilla Werner, Hege Fjelldal og Merete Blåka. Dei har utdanningsbagrunn frå spesialpedagofikk, rådgjeving, coahing og karriere. Foto: Ida Johanne Aadland

Les også: Her får studentane studiepoeng i stunting og parkour

Opne dører

Dei fire rådgjevarane har opne dører der elevane kan kome å banke på om dei vil ha individuell rettleiing. Elevane spør om fagkrav, poenggrenser, søknadar og vedlegg, men lite om det praktiske rundt studietida, som hybel.

– Me prøvar ikkje å vere rådgjevarar, men rettleiarar. Me håpar jo å gje dei så god og nok informasjon at valet vert så riktig som mogleg til slutt. Men me veit at mange også vel på nytt etter eitt år, seier Fjelldal.

Les også om Anette Sæbø som i 2015 sette Lindås-politikarane på plass: Rådgjevingstimane forsvann