Lokkar elevane til yrkesfag med Lego-robot, VR-briller og klikk-app

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Kvinnheringen.

– Søknadsfristen for vidaregåande utdanning er 1. mars, så vi vil vera ute i god tid med å informera om kva vi gjer på Kvinnherad vidaregåande skule. Det vil kanskje gjera det lettare for ungdomane å ta eit vidare val med tanke på yrkes- og utdanningsretning, seier avdelingsleiar Brynjulf Lie.

I staden for yrkesmesse dette året, bestemte KVV seg for å arrangera open skule for å gi ungdomane eit innblikk i kva dei har i vente om dei vel å starta eller fortsetja utdanninga si der. Dei forskjellige yrkesretningane vil ha stands og presentera fagfelta sine sjølve.

– Vi har erfart at det er enklare for dei på same alder å vidareformidla kva dei held på med. Det er ei oppskrift for suksess, smiler Lie.

På formiddagen er arrangementet for ungdomsskuleelevar. Etter skuletid vil det vera eit næringsseminar for foreldre og alle andre interesserte som måtte ynskja å komma.

– Vi har invitert inn bedrifter som held på med spennande arbeid til næringsseminaret, seier Lie.

Les også: Norske bedrifter skrik etter handverkarar

Kvardagen på KVV

På KVV held dei på med mykje forskjellig, og Kvinnheringen fekk vera med på ei lita omvising i forkant av arrangementet. Det var spennande prosjekt bak ei kvar dør. Vi fekk sjå veteranbilar som var under utbetring, ein gammal telefonkiosk som var bygd om, eit bølgebasseng, oppfinnsame elevar som bygger og programmerer appar og Lego-robotar, samt spelbasert læring via «virtuell reality»-teknologi.

Les også: Ole Sivert og Paulina går på skule – og på jobb

Teknikk og industriell produksjon

Inne i hallane på teknikk og industriell produksjon (TIP) har elevane den siste tida pussa på ein gammal Trabant, ein «DDR-bil».

– Den blei opprinneleg køyrt frå Tyskland til Norge, og når eigarane skulle returnera heim, orka dei ikkje å køyra bilen tilbake, ler lærar Rune Matre.

– Bilen blei selt, og no er det ein kar på Fjelberg som eig den, og TIP har fått gleda av å stå for oppgraderinga, held Matre fram.

BIL: Elevane på i hallane på teknikk og industriell produksjon (TIP) held på å oppgradera ein gammal veteranbilen, Trabant, i desse dagar. Lærar Rune Matre viser fram den flotte «DDR-bilen». Foto: Kvinnheringen

Lenger inne i lokalet står det ein gammal telefonkiosk som er under ombygging. Ifrå å ha ein fastkopla telefon, inneheld den no uttak for straum.

– Det er kanskje den nye ladestasjonen for mobilar, ler Lie medan vi går rundt.

TIP har også fått bestilling frå rektor om å laga eit «bølgebasseng». Palfinger har sponsa med materialet, medan elevane har bygd alt frå topp til botn. Bassenget skal straks bli flytta til den gamle kraftstasjonen på Valen som skulen har overteke for nokre år sidan.

– Vi held på å bygga den gamle kraftstasjonen frå 1940-1950 talet om til eit laboratorium, kor elevane kan utføra forskjellige eksperiment, til dømes når det gjelder vasskraft, vindkraft og bølgebrytarar, seier lærar Rune Fjellandsbø.

BØLGEBASSENG: Elevane på TIP og elektrolinja på KVV har bygd eit bølgebasseng ein kan bruka til å studera blant anna bølgebrytarar. Her ser vi lærar Rune Matre (t.h.) og førsteklassingen Ivar André Kårstad (16) plassera ut ein liten plastbåt i bølgene. Foto: Kvinnheringen.

– Mange av prosjekta vi held på med, er tverrfaglege prosjekt mellom TIP og elektro, og dette er noko elevane synest er kjempekjekt. I tillegg er det veldig spennande å få prosjekt utanfrå som er litt utanom det vanlege, fortel dei to ansvarlege lærarane.

Les også reportasjen om elektrikar Martin Nordberg Kuntze (25): På arbeidsplassen hans undersøker dei universet sine største mysterium.

Teknologi og forskingslære

Eit nytt fag på KVV dette året er teknologi og forskingslære med læraren Leif Kristian Tungodden i front.

– Han har studert ved NTNU og har blitt «headhunta» til lærarjobben ved KVV, spøker Lie om den unge læraren.

Torstein Olsen (17) og Espen Sjo (17) held på å utvikla ein app, og læraren har utan tvil vore ei stor inspirasjonskjelde:

– Her er det om og gjera å få så mange «Leif Kristian» som mogeleg, seier Torstein medan han trykker på eit bilde av læraren på appen.

APP: Torstein Olsen (17) (t.v.) og Espen Sjo (17) har utvikla ein app, med hyllest til læraren Leif Kristian Tungodden. Foto: Kvinnheringen.

– På sikt vil det vera litt som «cookie-klikker», ein populær app. Enn så lenge er det ein app utan mål og meining, sidan vi ikkje er ferdige med den endå. Etter kvart vil den bli betre med både lyd og farge, seier dei to ivrige elvane, som har brukt mykje av fritida si på å utvikla appen.

LEIF-KLIKKER: Det er om å gjera å få flest mogeleg klikk på appen til Torstein og Espen. Foto: Kvinnheringen.

Klasserommet inneheld også mange Lego-robotar, som alle har forskjellige eigenskapar. Ole Vasslid (17) og Anna Skogseth (17) viser fram kreasjonen sin som dei har bygd opp frå botn. Dei trykker på ein knapp og vifta begynner å snurra.

– Den kan også generera straum, opplyser dei to kreative elevane.

– Her har vi klassen sine «MacGyvers», ler læraren Leif Kristian.

På golvet begynner ein robot å ta seg fram. Atle Buhl (17) har programmert den til å måla lysrefleksjon, slik at den veit nøyaktig kvar den skal gå langs ei stripe med teip. Han set opp eit par hindringar i form av pappkoppar, og før ein veit ordet av det, stoppar roboten og bruker «kjøkkenvispen» sin til å slå vekk koppane før den held fram på ruta si.

LEGO-ROBOT: Atle Buhl (17) har bygd og programmert ein Lego-robot som kan finna vegen og kvitta seg med hindringar som måtte komma i vegen. Foto: Kvinnheringen.

Odin Aksnes (17) har laga ein Lego-robot som kan navigera og komma seg ut av ein labyrint. På under eit minutt kjem den seg frå start til slutt og flagget på toppen snurrar rundt når den er komen ut av labyrinten.

Les også: Vil styrke nynorsken med omsetjingsrobot

Spelbasert læring

KVV har gleda av å ta inn ny teknologi i læringa dette året. På kontoret til IKT-ansvarleg, Thomas Guddal, ligg det fleire øskjer med det nyaste innan «Virtuell realiy», nemleg VR-briller.

– Tidlegare har det vore altfor dyrt å kjøpa det inn, men no er det endeleg i ein prisklasse som gjer at vi kan investera i det, smiler Guddal.

For å testa dei nye brillene, har eit knippe med elevar meldt seg frivillig. Spente sit Harald Warberg, Mads Løland Eik, Sander Torget, Nikolai Mayer og Rikke Løland Sælen. Elevane reagerer godt på brillene der dei vrir seg i stolen og vifter med henda for å ikkje treffa på flygande element dei ser i VR-brilla.

VR-BRILLER: Spelbasert læring er nytt på KVV, og Nikolai Mayer (t.h.), Sander Torget, Mads Løland Eik og Harald Warberg testar ut dei nye VR-brillene. Foto: Kvinnheringen.no.

Underteikna fekk også gleda av å prøva brilla, og på få minutt blei ein teken med på ei reise fleire millionar år tilbake i eit møte med dinosaurane.

– Det her er jo rein science-fiction! Slikt hadde vi ikkje i mi tid, seier underteikna journalist.

– Du blei rett og slett fødd for tidleg, ler Lie og Guddal.

Dette er ein ny og banebrytande måte å læra på.

– På sikt tenker vi at elevar kan bruka brillene og for eksempel følgja ei blodcelle med rundt i kroppen. Kunnskapen vil nok sitta mykje betre når dei opplever ting på tett hald, smiler Guddal.

– Så vi håpar veldig at mange vil komma på open skule, for vi har absolutt mykje å by på denne dagen, smiler ein godt nøgd Brynjulf Lie.

Les også reportasjen om skulen der elevane «gamer» i timen.