Natur og Ungdom: – Vi skal gjere det langvarig og vanskeleg

På berre eit døgn har 400 fleire sagt at dei vil vere med å aksjonere sivilt ulydig mot gruvedrift i Kvalsund, der regjeringa har gitt løyve til å dumpe avfall i Repparfjord.

Janne Merete Bøyum
Publisert
Oppdatert 18.02.2019 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord i ein aksjon mot gruvedrift. Foto: Thor Due Natur og Ungdom

– GRUVESLAM ER NORGES SKAM, ropar demonstrantane foran Slottet.

I går, torsdag, gav regjeringa driftskonsesjon til selskapet Nussir si gruve i Kvalsund kommune i Finnmark. Nussir har fått løyve til å dumpa 30 millionar tonn avfall i Repparfjord.

I dag arrangerte Natur og Ungdom protest framfor Slottet når ministrane kjem for møte med kongen i Statsråd.

– Målet i dag er å vise regjeringa kor forbanna vi er, seier Gaute Eitejord, leiar i Natur og Ungdom til Framtida.no.

Les også: – La fjorden leve 

– Ganske på trynet

Omlag 100 personar har møtt opp framfor Slottet for å protestere med skilt som «Vi lover et helvete. Nei til gruvedumping i Repparfjord» og «Ikke bruk havet som dass på grunn av en arbeidsplass». Folk er møtt opp i kjeledressar og kjetting, og kofte.

Lasse Bjørn frå Tromsø synest det er viktig å ha på seg kofta i dag.

Lasse Bjørn synest det er heilt på trynet at ein kan vedta å dumpe så mykje avfall rett i fjorden. Han møtte opp på aksjonen med samisk kofte. Foto: Janne Merete Bøyum

– Dei skal dumpe avfall rett i Repparfjord. Det er ganske på trynet. Og reindriftarane blir ramma. Dei som allereie har fått beskjed om å måtte slakte ned besetningen sin, seier han.

Gruva vil gjere store inngrep i viktige reinbeiteområde, og fleire av reindriftsutøvarane har varsla at dei vil ta dette til retten for brot på urfolkskonvensjonen, står det i ei pressemelding frå Natur og ungdom.

– Sametinget skal sende inn klage til kongen i statsråd, bekreftar Gaute Eitejord.

Les også: Med filmen «Samene har rett» vil reindriftssystrene visa stoda i dag

Fleire og fleire villige til sivil ulydighet

Leiaren i Natur og Ungdom fortel at talet på folk som har skrive seg opp på lista som villig til å aksjonere sivilt ulydig for å stanse gruva har stige med 400 stykker berre frå i går.

– Vi greidde å stoppe arbeidet i Førdefjorden i tre veker. Då var vi 100 stykk. No er me 3300 som har sagt seg villig til å vere med. Så eg trur vi skal greie å gjere det langvarig og vanskeleg for NUSSIR, seier Eitejord.

«KVA VIL VI HA?» ropar NU-leiaren Gaute Eitejord i megafonen. «REiNE FJORDAR» svarar demonstrantane. Foto: Janne Merete Bøyum

Han meiner og at sivil ulydighet ikkje er den einaste måten å endre ting på. Med sametinget som sender inn klage, vil saksbehandlinga ta tid. Han trur og at å snakke om det, og lage større folkeleg interesse, kan gjere det mindre attraktivt å investere i.

– Ofte når vi fortel investorar kva dei investerer i, og då kjøper dei seg ut, seier Eitejord, som trur NUSSIR vil slite med å få inn pengar.

Han veit ikkje kva tid det blir protest i Repparfjord, men NUSSIR rekna å vere i drift om eitt år, og då skal Natur og Ungdom vere klare. Dei har allereie starta planlegginga, som mellom anna inneber å kjøpe inn termodressar og kjetting. Men først protest i Oslo.

– Vi skal snakke med alle politikarane, og få dei til å innsjå at det er inga skam å snu, seier Eiterjord til Framtida.no

Les også: Stjernekamp-Ella raser mot gruvedeponi

Utruleg viktig sak

På Venstre sitt landstyremøte i 2016 gjekk dei inn for eit norsk forbod mot gruvedumping, og at det må innførast ei avgift på gruveavfall. No sit dei i regjeringa som har gitt tillatelse til dette. Unge Venstre håpar og ønsker at regjeringa snur, og endra vedtaket.

– Når vi ser at urett blir gjort må vi gjere noko med det, seier Celina Christoffersen, sentralstyremedlem i Unge Venstre.

Unge Venstre ser ikkje på det å protestere mot regjeringa med Venstre i som eit problem. F.v. Celina Christoffersen (sentralstyret i Unge Venstre), Linn Skyum (generalsekretær i Unge Venstre), og Oda Scheel (organisasjonsektretær i Unge Venstre.) Foto: Janne Merete Bøyum

– Det er ei utruleg viktig sak for Unge Venstre. Ikkje berre naturvern, men urfolk sine rettar som er ei viktig sak for oss, seier Christoffersen.

Venstre-leiar Trine Skei Grande kjem køyrande opp mot Slottet, og tar seg turen ut til pressa, og blir spurt kva ho synest om at Unge Venstre står å protestera mot regjeringa.

– Eg skjønnar dei veldig godt. Dette er eit engasjement som Venstre har hatt lenge, og dette var avgjeringar som vart tatt lenge før vi kom i regjering, seier Skei Grande.

Les også: Unge Venstre leiar: – Vi kjem aldri til å gje oss i kampen for reine fjordar

Grande: – Vi er på lag

Natur og Ungdom-leiar Eitejord møtte Venstre-leiar Skei Grande framfor Slottet, og brukte høve til å oppmoda ho til å seie nei til driftkonsensjonen når saka vert anka.

Trine Skei Grande stoppa bilen på veg opp til møte med kongen i statsråd, og tok seg ein prat med pressa i lag med NU-leiar Gaute Eitejord. Foto: Janne Merete Bøyum.

– Når de som har vore så krystallklart mot sjødeponi, så forventa eg at du og KRF gjer det, seier Eitejord til kulturministeren.

– Vi kan ikkje forandre det som er gjennomført, men vår oppgåve er å stoppe det i framtida, svarar Skei Grande.

– Vi er på lag, sjø, seier Skei Grande og klappar Gaute Eitejord på skuldra.

Les også: Nyttårspraten med NU-leiar Gaute Eitejord: – Eg er skuffa for at regjeringa ikkje tar klimakrisa meir på alvor