Med filmen «Samene har rett» vil reindriftssystrene visa stoda i dag

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 11.02.2019 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Reindriftssamar mistar beiteområda sine omtrent kvar dag og det er veldig trist. Mange reindriftssamar må i retten for å forsvare naturen og reinbeiteområda sine, konstaterer musikar og filmskapar Elle Márjá Eira i ein e-post til Framtida.no.

Saman med veslesystera Mai-Lis Eira har ho laga kortfilmen «Samene har rett», som hadde premiere under Tromsø Internasjonale Filmfestival (TIFF) i januar.

Frå Alta til i dag

I filmen viser Eira-systrene historiske klipp frå då ei gruppa samiske kvinner okkuperte statsministerens kontor som ein del av Alta-aksjonen i 1981. Vidare trekk dei historiske parallellar til mellom anna kraftutbygging i reindriftsområde i dag.

Filmens tittel «Samene har rett» kjem frå historia om Inger Anne S. Gaup, Ellen Marit S Buljo og Ellen Turi Guttormsen, som fortel at dei høyrte folk rope nettopp dette då politiet henta ut frå statsministerens kontor etter 18 timar. Foto: Ken Are Bongo

Elle Márjá Eira meiner det ikkje er forskjell på å vera same i dag samanlikna med den gong.

– Me er framleis like mykje samar no som før i tida. Levemåten og kulturen står like sterkt i dag som då, men dette er under sterk press frå nordområdesatsinga/nordområdepolitikk som inneber inngrep i beiteareal gjennom industrialisering, skriv Eira.

Dei er begge delaktige i reindrifta i familien og meiner det kanskje er verre å vere reindriftssame i dag enn det det var i 1981 med tanke på pågåande press på beiteområder og klimaforandringane.

Les også om aksjonane mot tvangslakting av reinflokken til Jovsset Ánte Sara (26).

Regissør Mai-Lis Eira (t.v) har studert film- og fjernsynsvitskap på Lillehammer og storesyster Elle Márjá har musikalsk suksess. Foto: Privat

New York-times oppslag

For Eira-systrene er det viktig å fortelje det som faktisk går føre seg i reindrifta no.

– Dette er saker og historier som me ikkje kan unngå. Me kan ikkje kome oss bort frå verkelegheita då me faktisk sjølv står midt opp i det heile. Dette handlar om våre liv og framtid. Slike historier kjem dessutan ikkje ofte fram i media, understrekar 34-åringen.

Den siste tida har ho likevel vorte ei synleg stemme i reindriftssamane sitt oppgjer med staten. Før jul hamna ho på framsida av New York Times då avisa hadde eit større stykke om samane sin kamp for reinflokkane sine.

– Folk er veldig nysgjerrige i utlandet, men vil ofte fokusera på den romantiske delen av livet vårt med reinsdyr, kofte og joik. Det er veldig fint, men då må me òg fortelja den mørke sida av å vere reindriftssame, understrekar Eira.

Ho føler at den samiske historia er fråverande i den norske historia, noko som resulterer i manglande kunnskap. Sjølv om ho meiner samar vert framstilt betre i nasjonale media i dag, saknar ho meir kritisk journalistikk knytt til utfordringane.

Les også: Lagar radio i Elsa Laulas fotspor i Sápmi

Filmplakaten for «Samene har rett». Foto: Ken Are Bongo

Kampen mot kraftlinja

Reinbeitedistriktet Lakkonjarga, som familien Eira er ein del av, har vore i retten mot Statnett, men tapte saka i 2017. Statnett er no i gang med å byggja ei kraftlinje gjennom sommar- og haustbeitet til deira siida.

Eira fortel at dei difor misser viktige beiteområde, noko som gjer det vanskeleg å drive med rein.

– Me har ingen andre stader å gå til med reinflokken. Framtida er veldig usikker for den yngre generasjonen i reindrift, understrekar Eira.

Ho erfarar at det er vanskeleg å bli høyrt og tatt omsyn til når eit stort firma set i gang med planleggjing og utbyggjing av stor industri som mellom anna vindmøllepark, gruvedrift eller kraftlinjer.

Systrene understrekar kor viktig reindrift er for det samiske samfunnet, språket og den samiske kulturen, både når det gjeld mattradisjonar, klede og samisk handverk.

– Dessutan har vi i reindrift viktig kunnskap og erfaringar om det å overleve ute i naturen her i arktiske områder. Forsvinner reindrift så misser me alt dette. Reindrift er så mykje meir enn berre ein arbeidsplass. Det berikar den samiske kulturen og samfunnet. Kva skjer når reinen misser sine beiteområde, og korleis påverkar det oss som menneskje? spør systrene.

Filmen avsluttar med ein hyllest til moderne samiske heltinner. Elle Márjá Eira er andre frå venstre. Foto: Ken Are Bongo