NTNU-forskarar: Lærarane sviktar dei svakaste elevane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein treårsperiode fram til 2018 har forskarar ved NTNU spurt 1.250 ungdomsskuleelevar ved 12 ungdomsskular og omtrent 2.500 elevar ved 13 vidaregåande skular i Trøndelag om korleis dei opplever støtta frå læraren, skriv Klassekampen.

Kryssjekka mot karakterar viser tilbakemeldingane at fagleg sterke elevar får meir lærarstøtte, emosjonelt og fagleg, enn fagleg svake elevar.

Les også: Lokkar elevane til yrkesfag med Lego-robot, VR-briller og klikk-app

Fråfallsfaktor

– Vi ser at det å ikkje bli sett av læraren også fører til at elevane har fleire tankar om å slutte. Manglande lærarstøtte kan dermed vere ein sterkt medverkande årsak til fråfallet, seier Per Egil Mjaavatn ved Institutt for pedagogikk og livslang læring ved NTNU til avisa.

Lærarane sviktar dei fagleg svake elevane og hjelper dei mindre både i ungdomsskulen og etter kvart på vidaregåande skule, mens dei som har betre karakterar opplever meir støtte og merksemd frå læraren. Skilnaden er størst i tredje klasse på vidaregåande, på studiespesialiserande fag og noko mindre på yrkesfag der klassane er mindre.

Les også: Fråværet går ned, men risikoen for å falle frå har auka på VGS